onsdag 27. august 2008

Skulestart

Då va eg godt inne i den første veka av mitt siste år på reiselivsstudiet. Det var godt å komme tilbake til Sogndal etter ferien, tilbake til kvardagen, klassen, idrettssenteret og hybelen min. Det er flytta inn to nye jenter sidan sist, har ikkje snakka så mykje med dei endå, men eg trur det kjem til å gå bra.

På mandag begynte vi med informasjonsmøte om alle valgfaga vi kunne ha, vi kan velge mellom 5 stykk og av dei 5 så er det 3 eg ikkje klarer å velge mellom. Eg står mellom Prosjektleiing, Føretasksstrategi og Naturbasert Reiseliv. Det er forferdelig kjedelig for eg har eigentleg lyst til å ta alle faga, men eg kan berre ha eit av dei.

Eg hadde ei litt rar natt inatt, eg drømte at det var forferdelig lyn og torden ute og vakna opp med den verste haudeverken, så eg sto opp og gjekk ut i gangen og skulle finne meg noko å drikke. Når eg kom inn på rommet mitt igjen sto Odd Kåre (katten til huseigaren) der og såg på meg med store auge. Eg kvapp noke voldsomt, men så berre gjekk eg fram til ytterdøra og Odd Kåre fulgte etter, så eg rekna me han skjønte at han ikkje hadde lov å vere der.

måndag 18. august 2008

Nydeleg sommar!

I dag stod eg opp tidlig nok til å ete frukost med mamma og pappa. Det er alltid koselig. Vi reiste til Skei idag, kjekt med ein liten dagstur.
Det blei ikkje noke shopping på meg idag, men lure på å kanskje reise på shopping i morra eller på onsdag. Har lyst på nye kle!
Eg mimra litt idag, såg på bilder fra sommerferien. Legg nokre av bilda under :)


Her er Anne og eg på brua i London, bak oss er Big Ben



Anne og eg på Camden Marked i London, kjempe kjekt der!

Her er vi kommne til Storsteinnes (Tromsø), på hytta, denne kvelden grilla vi :)


Blå Rock i Tromsø


Bilkøyring i nord



På grensa til Finland, vi fekk verkeleg sjå oss om på den veka vi var på Storsteinnes.



Hjå Anne, hadde to supre dagar der :)

søndag 17. august 2008

Ferdig med sommerjobb!

I dag har eg endeleg hatt min siste dag på jobb. Det var ein stor glede å gå ut av sjukeheimen og køyre derifra i visshet om at eg mest sansynleg aldri kjem til å jobbe der igjen!
Hurra!