onsdag 27. august 2008

Skulestart

Då va eg godt inne i den første veka av mitt siste år på reiselivsstudiet. Det var godt å komme tilbake til Sogndal etter ferien, tilbake til kvardagen, klassen, idrettssenteret og hybelen min. Det er flytta inn to nye jenter sidan sist, har ikkje snakka så mykje med dei endå, men eg trur det kjem til å gå bra.

På mandag begynte vi med informasjonsmøte om alle valgfaga vi kunne ha, vi kan velge mellom 5 stykk og av dei 5 så er det 3 eg ikkje klarer å velge mellom. Eg står mellom Prosjektleiing, Føretasksstrategi og Naturbasert Reiseliv. Det er forferdelig kjedelig for eg har eigentleg lyst til å ta alle faga, men eg kan berre ha eit av dei.

Eg hadde ei litt rar natt inatt, eg drømte at det var forferdelig lyn og torden ute og vakna opp med den verste haudeverken, så eg sto opp og gjekk ut i gangen og skulle finne meg noko å drikke. Når eg kom inn på rommet mitt igjen sto Odd Kåre (katten til huseigaren) der og såg på meg med store auge. Eg kvapp noke voldsomt, men så berre gjekk eg fram til ytterdøra og Odd Kåre fulgte etter, så eg rekna me han skjønte at han ikkje hadde lov å vere der.

1 kommentar:

  1. Who let the cat in? hehe

    Eg trur du må velge det faget du føler at du vil ha best utbytte av!

    Du får ha lykke til med valget ;)

    SvarSlett