søndag 28. september 2008

Cocktailparty

Det var utruleg kjekt med cocktailparty på laurdag! Drinkane vi laga var heilt herlege, utanom den tropiske drinken som eg aldri i mitt liv skal forsøke å lage igjen. Då Ruth og Karina var kommen mixa vi oss strawberry daiquiri. Seinare laga vi oss mojito, appletinis og skogsbærdrink. Ei god blanding med andre ord. Mojito har eg verkeleg fått smaken på no! Eg kom på at eg hadde gløymt å ta bilete då vi var begynt å gå nedover mot sentrum. Eg fant difor ut at eg skulle ta nokre då, men det var ikkje heilt enkelt etter alle drinkane. Eg fekk etter mykje strev tatt 3 bilete, det eine av dei trur eg ikkje eg bør legge ut her.

Det var kjempemorro ute på både meieriet og på puben. Innholdsrikt var det òg, albuedans, snubledansen og svenskejakt på meieriet og swing på puben. Og på heimvegen redda Karina og eg ein drage i nød. Kva meir kan ein ynskje seg av ein laurdagskveld?

fredag 26. september 2008

Little Me

Har hatt ein veldig bra dag idag! Eg hadde bedriftsøkonomi i 3 timar og eg lærte utruleg mykje i desse timane. I den siste timen, "idiotimen" som vi har byrja å kalle den, rekna vi og stod på. Og før timen var slutt hadde vi fått til oppgåva som Helge gav oss. Eg vart superhappy!

Ruth og eg var på musical ikveld. Vi såg "Little Me" og eg vart ikkje skuffa! Det var utruleg bra gjennomført, så det var veldig kjekt å sjå på. Det var ein del kjende fjes med, så eg brukte ein del tid på å lure på kor eg hadde sett dei før, men eg trur eg fant ut kven alle var iløpet av andre akt.

Btw: eg fant ein utleveringslapp i posten idag, så det eg hadde frykta var uheldigvis rett. Pakken frå lookfantastic er tatt i tollen, så det var den billige ansiktskremen.. Oh well... Shit happens.

onsdag 24. september 2008

Planlegg cocktailparty

Etter mykje prat om gode drinkar med ekte bær, bestemte Karina og eg oss for at vi skal mixe drinkar på laurdag. Klassen er invitert og eg gleder meg veldig! Skal garantert lage strawberry daiquiri, resten veit eg ikkje endå. Vi skal uansett kjøpe inn i massevis av frossne bær. Dette kan bli knas! Så spørsmålet er; kva slags sprit skal eg velge? Den får eg tygge litt på medan eg lagar til isbitposane som eg kjøpte inn idag :D

måndag 22. september 2008

Søndag = kviledag




Eg lika søndaga!

søndag 21. september 2008

Linselus

Satt og såg på bilete fra Londonturen og fant eit som hadde vore utruleg fint hadde det ikkje vore for frøkena som sneik seg inn midt i biletet!

Chicago kvelden, ah, så kjekt det var! Det var ein bra musical! Har jo sett filmen (elskar den) men det var ei heilt anna oppleving å sjå den på Cambridge Theatre. Gleder meg til å reise tilbake til London og sjå fleire musicals. Juleshopping, Anne?

Filmkveld hjå Tonje

Fant ut vi skulle ha ein roleg laurdagskveld, så det vart filmkveld med pizza og snop (m&m's). Leigde filmen "Cleaner", det var ein spanande film men litt forvirrande. Vi klarte ikkje heilt å få med oss alle detaljane (kanskje fordi vi begynte å prate om andre ting unde filmen?) men eg likte den. God handling og bra slutt.
Ed Harris er tøff.

Tonje hadde anyways ei kjempefin leilighet så eg fikk veldig lyst på mi eiga leilighet no. Ho hadde også steikje fine gardine ;D

Sidan Karina er mørkeredd enda eg nesten opp med å køyre automatgirbil, litt trist at eg ikkje gjor det. Er på høg tid at eg øver meg på å køyre "Fargekartet" som Wally kallar den.

Mat: Fjøra mat
Film: Narvesen
Snop: ?

laurdag 20. september 2008

Nydeleg kjole

Har du sett ein flottare kjole? Den er rett og slett heilt nydeleg!

onsdag 17. september 2008

Eg er lat for tida!

Så sitter eg her igjen, med PCen og gjer på absolutt nada av det som eg burde gjere. Er bare på facebook, og leser blogger og nyheter og sladder. Så sånn går dagane. No er det jammen på tide å gjere noko med det. Eit problem er at eg ikkje kan trene endå (gnagsåra er framleis ubehageleg tilstades), men eit anna problem er at motivasjonen min til å lese pensumbøker har blitt heilt vekke. Så no sitt eg her, med ei uopna prosjektleiingsbok, og er ærlig talt skjeleglad for at bokhandelen ikkje har fått inn den tjukke engelske boka i marknadskommunikasjon. Flaks, seie berre eg!


Eg var forresten på apoteket idag for å få tak i noko som kunne hjelpe gnagsåra mine til å bli betre. Så eg fikk ein del prøver på forskjellige kremar, og så kjøpte eg ein parfymefri sårkrem. Håper dette hjelper til å mjukne opp slik at skorva ikkje sprekk fleire gonger, for det er mildt sagt ei ubehageleg oppleving. Trass alt gjekk eg i vanlege sko idag, noko som viste seg å ikkje vere så lurt. Det førte nok til at eg fekk meir vondt enn nødvendig, men eg nektar å gå i slippersar på skulen fleire gonger. Nok er nok.


Utenom dette så har eg, nok ein gang bestilt meg noko på lookfantastic. Denne gangen bestilte eg meg ein ansiktskrem fra Decleor, har høyrt mykje bra om denne så eg håper og reknar med at eg kjem til å verte nøgd! Planen er å kjøpe nattkrem i samme merke, men eg er litt usikker på kvar eg skal kjøpe den, har funne ut at det er billigast å bestille den på ebay enn på lookfantastic, eg får tenke litt på det. Får sjekke ut strawberrynett også, lurer på om det er fleire bra nettstader ein kan bestille desse produkta?

søndag 14. september 2008

Pakke i posten

I dag oppdaga eg at eg hadde fått to pakkar frå lookfantastic.com i posten. Eg vart hoppande glad og sprang bort til postkassen for å hente dei, og opna dei så fort eg berre kunne. Fikk Cleansing Milk og Tonifying Lotion Fra Declèor, gleda meg veldig til å prøve det før eg legg meg ikveld!

Var på fotballkamp idag, såg Sogndal mot Alta. Det vart heimesiger, 2-1 til Sogndal, HURRA!

Tur til Nigardsbreen

Frå tirsdag til onsdag var eg og resten av klassen på studietur til Jostedalen og div. andre plassa. Vi budde på Jostadal Hotell og fikk ein go buffè der på kvelden, så kosa vi oss. Litt seinare på kvelden vart det mute Grey's Anatomy for spesielt interesserte. Dagen etter var det Nigardsbreen som stor for tur. Eg havna i for små sko og endte opp med digre gnagsår og blå storetå. Utanom smertene var det ein flott tur, og vi kosa oss med Roar sine pære og tidvis issprut. For å bevise at eg har vore på breen legg eg ut eit av dei 500 bileta Roar tok iløpet av turen.
På biletet under var vi på tur opp til Styggevatnet.
Då vi kom heim på onsdag hadde eg det travelt med å dusje og pynte meg, for eg skulle i bursdagsfest til Diana og Mette. Det gjekk difor fort og gale. Det at vi var ganske slitne etter klasseturen resulterte i at dei fleste vart ganske kanon denne kvelden. Men jammen hadde vi det kjekt!

søndag 7. september 2008

Litt shopping på ein søndag

Var på lookfantastic.com idag og blei berre nødt til å kjøpe meg to produkt frå Decleor, Cleansing Milk og Tonifying Lotion. Gleder meg til å prøve det! Håper dei er raske med å sende pakkane!


fredag 5. september 2008

Litt skule, litt tull og litt Egil

No har eg etter mykje om og men komme fram til kva fag eg skal ha på skulen. Det vert markedskommunikasjon med Ståle, prosjektleiing med ei dame frå Florø og bygdeturisme med Roar++. Så no er eg godt nøgd med valga mine, eg er sikker på at det vert eit svært innhaldsrikt år. Eg ser sjølvsagt fram til å kunne ha 3 typar eksamen til jul, ein heimeeksamen, ein muntleg eksamen og ein skriftleg skuleeksamen. Betre kan det vel ikkje bli!? Eg merkar på megsølv at eg har store mål og planane klare for at eg skal lese og vere godt førebudd til kvar time. Positivt det, men erfaringar viser at dette skjelden skjer. Tanken er uansett god, og eg har alltid høyrt at det er tanken som teller.

Eg og Wally var på Kaupanger med Grete og kjøpte oss frys på tirsdag. Vi er allereie på god veg til å fylle den opp, noko som betyr at eg er i godt humør for tida. Det er som eg aldri har sagt, når frysen er full er allting godt!


På onsdag var det "bare egil festival" på meieriet, så natually vart eg nøgd til å finne ut kva dette var forslag. Det var vors på heimen og ragnhild kom ein tur for å vere med oss på fest før ho tar turen til portugal. festivalen var tøff den, fikk til og med møte bare egil etterpå. bare egil har mykje skjegg!