søndag 28. september 2008

Cocktailparty

Det var utruleg kjekt med cocktailparty på laurdag! Drinkane vi laga var heilt herlege, utanom den tropiske drinken som eg aldri i mitt liv skal forsøke å lage igjen. Då Ruth og Karina var kommen mixa vi oss strawberry daiquiri. Seinare laga vi oss mojito, appletinis og skogsbærdrink. Ei god blanding med andre ord. Mojito har eg verkeleg fått smaken på no! Eg kom på at eg hadde gløymt å ta bilete då vi var begynt å gå nedover mot sentrum. Eg fant difor ut at eg skulle ta nokre då, men det var ikkje heilt enkelt etter alle drinkane. Eg fekk etter mykje strev tatt 3 bilete, det eine av dei trur eg ikkje eg bør legge ut her.

Det var kjempemorro ute på både meieriet og på puben. Innholdsrikt var det òg, albuedans, snubledansen og svenskejakt på meieriet og swing på puben. Og på heimvegen redda Karina og eg ein drage i nød. Kva meir kan ein ynskje seg av ein laurdagskveld?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar