onsdag 17. september 2008

Eg er lat for tida!

Så sitter eg her igjen, med PCen og gjer på absolutt nada av det som eg burde gjere. Er bare på facebook, og leser blogger og nyheter og sladder. Så sånn går dagane. No er det jammen på tide å gjere noko med det. Eit problem er at eg ikkje kan trene endå (gnagsåra er framleis ubehageleg tilstades), men eit anna problem er at motivasjonen min til å lese pensumbøker har blitt heilt vekke. Så no sitt eg her, med ei uopna prosjektleiingsbok, og er ærlig talt skjeleglad for at bokhandelen ikkje har fått inn den tjukke engelske boka i marknadskommunikasjon. Flaks, seie berre eg!


Eg var forresten på apoteket idag for å få tak i noko som kunne hjelpe gnagsåra mine til å bli betre. Så eg fikk ein del prøver på forskjellige kremar, og så kjøpte eg ein parfymefri sårkrem. Håper dette hjelper til å mjukne opp slik at skorva ikkje sprekk fleire gonger, for det er mildt sagt ei ubehageleg oppleving. Trass alt gjekk eg i vanlege sko idag, noko som viste seg å ikkje vere så lurt. Det førte nok til at eg fekk meir vondt enn nødvendig, men eg nektar å gå i slippersar på skulen fleire gonger. Nok er nok.


Utenom dette så har eg, nok ein gang bestilt meg noko på lookfantastic. Denne gangen bestilte eg meg ein ansiktskrem fra Decleor, har høyrt mykje bra om denne så eg håper og reknar med at eg kjem til å verte nøgd! Planen er å kjøpe nattkrem i samme merke, men eg er litt usikker på kvar eg skal kjøpe den, har funne ut at det er billigast å bestille den på ebay enn på lookfantastic, eg får tenke litt på det. Får sjekke ut strawberrynett også, lurer på om det er fleire bra nettstader ein kan bestille desse produkta?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar