fredag 5. september 2008

Litt skule, litt tull og litt Egil

No har eg etter mykje om og men komme fram til kva fag eg skal ha på skulen. Det vert markedskommunikasjon med Ståle, prosjektleiing med ei dame frå Florø og bygdeturisme med Roar++. Så no er eg godt nøgd med valga mine, eg er sikker på at det vert eit svært innhaldsrikt år. Eg ser sjølvsagt fram til å kunne ha 3 typar eksamen til jul, ein heimeeksamen, ein muntleg eksamen og ein skriftleg skuleeksamen. Betre kan det vel ikkje bli!? Eg merkar på megsølv at eg har store mål og planane klare for at eg skal lese og vere godt førebudd til kvar time. Positivt det, men erfaringar viser at dette skjelden skjer. Tanken er uansett god, og eg har alltid høyrt at det er tanken som teller.

Eg og Wally var på Kaupanger med Grete og kjøpte oss frys på tirsdag. Vi er allereie på god veg til å fylle den opp, noko som betyr at eg er i godt humør for tida. Det er som eg aldri har sagt, når frysen er full er allting godt!


På onsdag var det "bare egil festival" på meieriet, så natually vart eg nøgd til å finne ut kva dette var forslag. Det var vors på heimen og ragnhild kom ein tur for å vere med oss på fest før ho tar turen til portugal. festivalen var tøff den, fikk til og med møte bare egil etterpå. bare egil har mykje skjegg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar