fredag 26. september 2008

Little Me

Har hatt ein veldig bra dag idag! Eg hadde bedriftsøkonomi i 3 timar og eg lærte utruleg mykje i desse timane. I den siste timen, "idiotimen" som vi har byrja å kalle den, rekna vi og stod på. Og før timen var slutt hadde vi fått til oppgåva som Helge gav oss. Eg vart superhappy!

Ruth og eg var på musical ikveld. Vi såg "Little Me" og eg vart ikkje skuffa! Det var utruleg bra gjennomført, så det var veldig kjekt å sjå på. Det var ein del kjende fjes med, så eg brukte ein del tid på å lure på kor eg hadde sett dei før, men eg trur eg fant ut kven alle var iløpet av andre akt.

Btw: eg fant ein utleveringslapp i posten idag, så det eg hadde frykta var uheldigvis rett. Pakken frå lookfantastic er tatt i tollen, så det var den billige ansiktskremen.. Oh well... Shit happens.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar