søndag 14. september 2008

Tur til Nigardsbreen

Frå tirsdag til onsdag var eg og resten av klassen på studietur til Jostedalen og div. andre plassa. Vi budde på Jostadal Hotell og fikk ein go buffè der på kvelden, så kosa vi oss. Litt seinare på kvelden vart det mute Grey's Anatomy for spesielt interesserte. Dagen etter var det Nigardsbreen som stor for tur. Eg havna i for små sko og endte opp med digre gnagsår og blå storetå. Utanom smertene var det ein flott tur, og vi kosa oss med Roar sine pære og tidvis issprut. For å bevise at eg har vore på breen legg eg ut eit av dei 500 bileta Roar tok iløpet av turen.
På biletet under var vi på tur opp til Styggevatnet.
Då vi kom heim på onsdag hadde eg det travelt med å dusje og pynte meg, for eg skulle i bursdagsfest til Diana og Mette. Det gjekk difor fort og gale. Det at vi var ganske slitne etter klasseturen resulterte i at dei fleste vart ganske kanon denne kvelden. Men jammen hadde vi det kjekt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar