torsdag 30. oktober 2008

Eit arbeidskrav er levert!

Hurra! I dag vart vi endeleg ferdige med arbeidskravet i markedskommunikasjon. Må sei det var godt å endeleg levere den oppgåva, det har ikkje vore så mykje anna enn det eg har tenkt på i det siste. Så då er det berre å satse på at Ståle (læraren vår) vert nøgd, slik at vi slepp å gjere oppgåva om att.

Då eg kom heim i dag vart det pannekaker med blåbær og bacon til middag, NAM! Det var heilt nydeleg. Planen vidare for dagen var eigentleg å ta ein tur til byn (Karina) men sofaen var så behageleg at det ikkje vart noko av. Eg får heller gjere det i morgon. Då må eg kjøpe inn alkohol til bursdagsfesten til Rebekka på laurdag. What to drink..? Eg trur eg tek den avgjerdsla på polet i morgon. No ser eg fram til Prison Break i kveld og pub-quiz på Meieriet i morgon kveld!

tysdag 28. oktober 2008

Medium

Er det kun meg, eller er det fleire som saknar Medium på tirsdagskveldane? Eg har alltid meint at kombinasjonen Greys og Medium er uslåeleg, tirsdagen er ikkje like hellig no som den var då Medium gjekk. Eg kan ikkje sei at Samantha er eit bra alternativ til Medium, så då får eg heller berre vente tålmodig til neste sesong kjem på skjermen. Kanskje eg skal kjøpe meg den første sesongen på DVD for å sleppe det store savnet. Eg elskar Medium!

Men men, no er det straks klart for andre del av dobbeltepisoden i Greys. Gleder meg!

måndag 27. oktober 2008

Julebrus

Eg har fått bloggsperre, tankane mine er bare fokusert på arbeidskrav, marknadsplanar, rekruteringsprosjekt av nederlendarar til nabokommunane og bedriftsøkonomi. Det er berre stress og mas med alt dette no, men eg veit at det er kjedeleg å lese om folk sitt skulemas, difor skal eg ikkje bruke meir tid på dette.

Noko eg heller kan sei er at eg synda i helga, det er iallefall nokon som meiner at eg gjorde det. Eg drakk nemleg julebrus!
Ein annan ting eg gjorde i helga var å ordne med julepresangar til mamma og pappa. Det er heilt utruleg, men eg har faktisk begynt å forbrede meg til jula i oktober.
Når pleier du å begynne på julehandelen?

torsdag 23. oktober 2008

Eg har laga meg banner!

Yes, då har eg endeleg tatt meg tida til å pusle litt med å lage meg banner. Eg er ikkje 100% fornøgd med den eg har laga til no, den vart litt for avlang. Eigentleg hadde eg mest lyst til å lage ein rosa banner, men det fekk eg ikkje, det vart berre stygt. Det er uansett kjekt å sitte å lage til dette istadenfor å jobbe med arbeidskrav. Så resultatet har vi jo her, synspunkt?

onsdag 22. oktober 2008

Sjokoladekake

<--Ser ikkje den kaka heilt fantastisk ut? Nam!

Eg har så lyst på sjokoladekake for tida at eg ikkje har ord for det. Eg fekk så lyst på sjokoladekake no at eg byrja å google bilder og oppskrifter, det hjalp meg jo ikkje. Eg trur eg må lage ei sjokoladekake når eg kjem heim til mamma og pappa i helga. Gleder meg!

Ødelagt vaskemaskin

Akkurat no sitt eg og ser på at det er ein haug på skittentøyskorga mi, det har til og med havna klede på golvet. Kvifor? Jo fordi vaskemaskina vår har vore ødelegt sidan før helga. Så no sitt vi her, i ei leilighet med 4 jenter og venter på reperatøren som eigentleg lova å komme på mandag.

Eg har forresten fått heilt dilla på ein sang eg høyte mykje på når eg var mindre. TLC sin Waterfalls, den er framleis nydeleg.

Har dåke nokre gamle favorittsanger?

måndag 20. oktober 2008

Bloggkoll

Då har det seg slik at eg har slengt meg på trenden og meldt meg inn i bloggkoll. Legg meg til då vel?

Trykk her for å følge bloggen min med bloggkoll

søndag 19. oktober 2008

Eg liker ikkje kjensla av stress

Det er travle tider no. Arbeidskrava stiller seg opp på rekkje og rad, så eg gjer det eg kan for å sleppe å jobbe med dei. Typisk meg, istaden for å sette i gang med jobbinga vel eg heller å sette på ein film, eller å leite etter endå fleire bloggar som eg kan bruke tida mi på. Denne helga har vore heilt herleg, eg har sløva all day long og kosa meg med SATC dvdane mine. Men innimellom kjenner eg at eg har dårleg samvittighet for at eg ikkje les pensum, eller jobbar med andre ting som er betrekteleg mykje viktigare enn å slappe av.
Eg har til og med trena mykje mindre enn eg pleier å gjere. Eg skal melde meg på step til imorgon, så får eg nok fart på meg. Kanskje eg får litt meir energi av å trene igjen. Det håper eg. Men no skal eg legge meg slik at eg blir utkvilt til å lese pensum.

laurdag 18. oktober 2008

Bierstube

På fredag var det Bierstube på Meieriet, med ompamusikk, allsang og alt for masse øl. Ein av dei bedre festane eg har vore på her i Sogndal! Det var bordkonkurranse om kva bord som klarte å drikke seg til taket først (stabling av glas), mitt bord vant.

Bursdagen min <3


Eg har endeleg fått samla saman litt bilete frå bursdagen min. Som foresten var utruleg kjekk! Når eg kom heim frå skulen fekk eg nydelege muffins, og så åt vi Dolly pizza litt seinare når alle eg bur med var komme heim. Ole Andre kom på besøk, og så vart det quiz seinare på kvelden. Tusen takk for ein super dag, alle saman! I love you <3

onsdag 15. oktober 2008

Bursdag!

Idag har eg bursdag, og eg fekk muffinsa mine! Hurra! har hatt ein super dag, og ser fram til å gå på quiz på Meiriet seinare i kved. Skal legge ut bilde av det eg har fått litt seinare. Men no må eg gå og gjere meg klar for quizen og bursdags vin. Yay!

tysdag 14. oktober 2008

Ønskeliste

Eg kjedar meg, difor har eg samla nokre få av dei tinga eg ynskjer meg på ein plass. Eg MÅ skaffe meg Sex and the City skoeska no, har hatt lyst på den sidan den kom ut. Eg trur eg må kjøpe meg den til helga!

Eg hadde framføring av arbeidskrav på skulen i dag. Eg hatar å framføre ting, eg endar berre opp med å mumle og eg får ikkje til å sei det eg eigentleg skal sei. Så ender eg opp med å stå og skjelve og så begynner alle å le av meg (ja, eg veit at det siste ikkje skjedde men det er det eg trur kjem til å skje kvar gong eg skal framføre noko). Anyways, eg er heldigvis ferdig med det for denne gang, no skal eg ikkje framføre noko før i november.

Det er Greys i dag! Eg gleder meg veldig, eg merkar at eg har blitt meir og meir avhengig av den serien no. Men eg må sei at det er eit stort savn at ikkje Medium går på tirsdagane lenger. Greys og Medium var den perfekte kombinasjonen! Men sidan eg skal legge meg innen klokka 23 kvar kveld frammover (utanom imorgon) så er det kanskje ikkje så ille at Medium ikkje er på tv likevel.

måndag 13. oktober 2008

Øydelagt jakke

Eg kjøpte meg ei softshell jakke for nokre veker sidan. Glidelåsen slo seg heilt vrang etter kort tid måtte eg gå tilbake til butikken for å klage. Eg fekk ikkje sei meir enn: "Hei, eg kjøpte denne jakka for nokre veker sidan og...." før butikkdama avbraut meg og sa: ".. og no er glidelåsen øydelagt?"

Kort fortalt; eg gjekk frå butikken med ein tilgodelapp på 799,-

Eg er eigentleg litt glad for at glidelåsen vart øydelagt, for eg har angra litt på fargevalet mitt. Svart er så kjedeleg! Eg skal snart innom og kjøpe meg ei ny jakke, eg må berre prøve å bestemme meg for kva farge eg skal ha først.

søndag 12. oktober 2008

Impulstur til Bergen

Denne helga reiste Ole Andre og eg på tur til Bergen. Det vart bestemt på torsdagskveld og etter litt om og men blei det til at eg reiste til Vadheim for så å køyre derifrå til Bergen.
Vi budde på Hotell Rosenkrantz og hadde det ganske kjekt, vi var på shopping (Ole Andre endte opp med meir klede enn eg), cafear og kino. Ja, vi storkosa oss rett og slett! Vi tok det roleg på veg heimover i dag, hadde ingenting spesielt som vi måtte nå. Vi hadde ein del stopp så vi fekk tatt ein del bilder, og så drakk kaffi og åt vi non stop <3>
<-- Vi treng vel ikkje stort meir enn dette når vi skal til Bergen ;)


onsdag 8. oktober 2008

Ei veke til bursdag!

Kva skjer om akkurat ei veke? Jo, då har eg bursdag. Hurra! Eg har blitt lova muffins, gode muffins med god glasur. Nam! Tenk om glasuren er rosa? Eg gleder meg til bursdagen min!

TIGI Bed Head kjøp

Idag har eg bestilt meg TIGI Bed Head Brunette Goddess Shampoo og Balsam. Kjøpte dei i 750ml flasker, så då har eg det ei stund. Eg gleder meg veldig til den kjem i posten! Håper det går fort, for eg har ikkje så mykje igjen av shampooen min no. Lurer på kva håret mitt synest om overgangen frå Redken til Bed Head. Gleder meg til å prøve det!

Hilde Christina - en verden av makeup og hudpleie

Eg har blitt avhengig av å lese bloggar i det siste. Ein av bloggane eg les fast kvar dag, opptil fleire ganger om dagen er bloggen til Hilde Christina. Dette er ein blogg som vert oppdatert fleire ganger dagleg og det er tydeleg at ho legg ein del arbeid i den. Ein blogg som absolutt er verdt å ta turen innom! Ho skriv mykje om hudpleie og makeup, men også om hunden sin (og foreldra sin) og ellers andre ting som er kjekt å lese om.
Ho tester ein heil del produkt og kjem med reviews på det meste (eller alt?) det nye ho prøver. Dette er ein lærerik blogg, iallefall for meg som ikkje har allverdens kunnskap om dette frå før av.
Eg berre seier det, om du ikkje les denne bloggen går du verkeleg glipp av noko. Sjekk den ut her.

TV lisens?

Vi hadde besøk på døra idag. Ein gammal mann frå NRK ringte på og lurte på om vi hadde TV. Eg var ikkje heime, så Wally måtte lyge heilt åleine.

Mann: Hei eg er frå nrk, og lurte på om det er tv i huset?
Wally: Nei
Mann: Hæ, dåke har ikkje tv?
Wally: Nei
Mann: Eg trur ikkje på deg.
Wally: Vi har ikkje tv
Mann: Kan eg komme inn og sjå?
Wally: Nei, det har du ingen juridisk rett til å gjere.
Mann (godt irritert): Men du har altså ikkje tv?
Wally: Nei
Mann: Eg trur ikkje på deg, dette kjem eg til å gå vidare med.
Wally: OK..
Mann: Du høyrer frå meg
Wally lukker døra

Hahaha! OMG! Mannen spurte verken etter navn eller talet på kor mange som budde her. Haha, i love it.

søndag 5. oktober 2008

Paypal og Ebay

I dag har eg gjort noko som eg har tenkt på å gjere lenge, men alltid har utsatt. Eg har skaffa meg Paypal og Ebay konto.

Eg gleder meg til å sette i gang med shoppinga på Ebay, dei har jo ALT der. Og så er det jo sååå kjekt å få pakke i posten! Yay!

9cko give-away!

9cko har lagt ut stor give-away på bloggen sin.


Sjekk det ut her: http://looking--out.blogspot.com/2008/10/ryddet-i-sminke-og-stsj.html

Det einaste du treng å gjere er å legge igjen navnet ditt og eit hei i kommentarfeltet.

fredag 3. oktober 2008

Fiiin laptop!

Omg! Har du sett ein søtare laptop?? Når aceren min dør veit eg kem som skal erstatte den.