søndag 19. oktober 2008

Eg liker ikkje kjensla av stress

Det er travle tider no. Arbeidskrava stiller seg opp på rekkje og rad, så eg gjer det eg kan for å sleppe å jobbe med dei. Typisk meg, istaden for å sette i gang med jobbinga vel eg heller å sette på ein film, eller å leite etter endå fleire bloggar som eg kan bruke tida mi på. Denne helga har vore heilt herleg, eg har sløva all day long og kosa meg med SATC dvdane mine. Men innimellom kjenner eg at eg har dårleg samvittighet for at eg ikkje les pensum, eller jobbar med andre ting som er betrekteleg mykje viktigare enn å slappe av.
Eg har til og med trena mykje mindre enn eg pleier å gjere. Eg skal melde meg på step til imorgon, så får eg nok fart på meg. Kanskje eg får litt meir energi av å trene igjen. Det håper eg. Men no skal eg legge meg slik at eg blir utkvilt til å lese pensum.

3 kommentarer:

  1. JA!! Alt for travle tider :( Blir skikkelig stresset!

    SvarSlett
  2. Karoline, eg blir stressa berre av å lese innlegget ditt :P

    SvarSlett
  3. hehe, var ikkje akkurat det som var meininga me innlegget ;)

    SvarSlett