torsdag 30. oktober 2008

Eit arbeidskrav er levert!

Hurra! I dag vart vi endeleg ferdige med arbeidskravet i markedskommunikasjon. Må sei det var godt å endeleg levere den oppgåva, det har ikkje vore så mykje anna enn det eg har tenkt på i det siste. Så då er det berre å satse på at Ståle (læraren vår) vert nøgd, slik at vi slepp å gjere oppgåva om att.

Då eg kom heim i dag vart det pannekaker med blåbær og bacon til middag, NAM! Det var heilt nydeleg. Planen vidare for dagen var eigentleg å ta ein tur til byn (Karina) men sofaen var så behageleg at det ikkje vart noko av. Eg får heller gjere det i morgon. Då må eg kjøpe inn alkohol til bursdagsfesten til Rebekka på laurdag. What to drink..? Eg trur eg tek den avgjerdsla på polet i morgon. No ser eg fram til Prison Break i kveld og pub-quiz på Meieriet i morgon kveld!

10 kommentarer:

  1. Congratulations :) Hadde samme feelingen når vi leverte, jammen godt å vere ferdig! Berre så synd at det ikkje er lenge til heimeeksamen i det samme faget. Sukk :) Men vi får nyte helga, det har vi fortent :)

    SvarSlett
  2. gratulere med arb.kravet då!!!!
    mhmmm.. den middagen overgår alt.

    SvarSlett
  3. Henriette: Ja, eg kan ikkje akkurat sei at eg ser fram til denne heimeeksamenen.

    Ida: I know, elsker pannekaker!

    Ole Andrè: Takk :D hodt å endeleg vere ferdig altså! Men din middag såg god ut og ;)

    SvarSlett
  4. Genialt, jeg har begynt å se på det jeg ogs men kommer ikke mere en bare til første sesong på dvd liksom!:)

    SvarSlett
  5. Det er så sinnsykt deilig å levere skolearbeid som har plaget deg over lengre tid. Herlig følelse!

    SvarSlett
  6. Pannekaker med blåbær og bacon NAM ^^

    Fin blogg :D

    SvarSlett
  7. forrisdal: den serien er genial, det er favoritten min for tida :)

    kristinakh: eg veit! det var heilt fantastisk å levere, og slippe å tenke meir på det. :)

    karoline: ja, vurdertecider, men det blei vin på meg denne gangen :)

    Ane-Mathilde: tuusen takk!! :D

    SvarSlett