torsdag 27. november 2008

Bedriftsøkonomi er ei hard nøtt å knekke...

Dagen etter at vi vart ferdige med eksamen i Bygdeturisme var det på an igjen med eksamensførebuing. Denne gangen held vi på med bed.øk og vi skal i løpet av onsdag, torsdag, fredag, lørdag og søndag ha lært oss alt som ein skal lære i bed.øk i løpet av eit halvt år. Wish me luck. Verken Ruth, Karina eller eg er særlig flinke til dette sjølv om vi faktisk er begynt å få grepet på nokre av dei tema vi har øvd oss på. Men ein ting er sikker, hadde det ikkje vore for Rebekka så hadde vi ikkje vore komme så langt som vi er no. Eg forstår det ikkje, men dei to siste dagane har ho holdt ut med å jobbe med oss bed.øken og ho har hjelpt oss med alt vi har lurt på. Skal leite lenge etter ei snillare jente! We love Bekko!

Dei to siste dagane har vi rekna på bed.øk frå klokka 9 til 8 og eg merkar at det tek på. Det at vi sitt så lenge merkast først og fremst på humoren vår, og det påverkar òg vår logiske tankegang. Humøret er overaskande nok ganske bra takka vere alle gullkorna som kjem fram når vi sit og jobbar. Men det er ikkje til å skyve under ein stol at alt blir ekstra vanskeleg når vi sit og reknar så lenge. Til og med enkle pluss og minus oppgåver kan utarte seg til store problem, diskusjonar og latterkramper. Flaks at vi har kalkulator.

onsdag 26. november 2008

HybelJul

I går hadde sambuarane mine og eg pinnekjøt til middag. Eg fekk rett og slett julestemning då vi laga middagen, og vi kosa oss veldig. Julebrusen var sjølvsagt på plass, og kvelden fortsatte med Bonderomantikk og Greys. Det var deilig å kose seg skikkelig i går, og eg følte eg fortjente det sidan eg hadde hatt eksamen tidlegare på dagen. Vi har òg planlagt at vi skal pynte til jul slik at det vert julestemning i desember. Det blir bra, og no gleder eg meg veldig til juleferie. Det er ikkje så alt for lenge til no, berre 2 eksamenar og 19 dagar igjen.

Har du ete julemiddag i år?

tysdag 25. november 2008

Sex and the City

Det er ein del månadar sidan eg såg Sex and the City filmen for føste gang, og no i helga såg eg den for tredje gang, eg er endå ikkje lei av den. Dette er ein av dei beste fra tv til film filmane eg har sett. Elsker filmen, elsker stilen og elsker musikken.

onsdag 19. november 2008

Eksamen

Kvar gong eg bestemmer meg for å begynne å lese, sett eg i gong med heilt andre ting. Ta i går for eksempel, då eg kom heim frå skulen og eigentleg hadde planlagt å lese, sette eg heller i gang med ei storreingjering. Eg byrja med å rydde rommet mitt, og tenkte først at det var nok, men så såg eg alt eg skulle lese på, så eg fortsette heller med reingjeringa. Eg tørka støv av ALT som er på rommet mitt, vaska golv og vindu og vaska i tilleg kleda mine.
Då dette var gjort fekk eg endeleg begynne å lese. Eg klarer rett og slett ikkje å konsentrere meg om lesinga derom det ikkje er ryddig og fint heime. Dette er nok ein av grunane til et eg liker å sitte på skulen og lese. Det slår ikkje feil, det skjer kvart einaste halvår. Eg har skjønt det slik at mange andre òg har det ekstra reint og fint i eksamenstida.
Beklager alt eksamensmaset mitt, men for tida er det omtrent berre det eg klarer å tenkje på.

tysdag 18. november 2008

Karoline er:

Eg har blitt fortalt et eg ikkje ser ut som ein follower, men sorry mac.. det er eg. Henriette trengte ikkje sei "follow me sheep" ein gong før eg fikk lyst til å gjere det samme som ho hadde gjort, nemleg å google Karoline er. Resultata mine er:
  • Karoline er dum. Karoline er ihvertfall trøtt, angrende og ja.. dum.
  • Karoline er fornøyd med seg selv og er i tilleg i pratemodus.
  • Karoline er for tida på Cuba.
  • Karoline er datteren til Brynjar, og jobber på nærbutikken på Ylvingen.
  • Karoline er 2 år i dag.
  • Karoline er en tøff og bestemt liten dame på fem år.
  • Karoline er proff.
  • Karoline er stavet med K og er rosemalt og brunt.
  • Karoline er produksjonsleder i Mediacircus. Karoline har nærmest vokst opp i pappa Ingar Amundsens reklamefilmstudio, der hun tidlig tok ansvar.
  • Karoline er et stort talent som vi har store forhåpninger til i årene som kommer.
Dette var veldig gøy altså! (ja, eg veit eg eigentleg burde lese til eksamen, hysj)

måndag 17. november 2008

Honey, What's For Dinner?

No var det på an igjen med lesing, pugging og jobbing med gamle eksamensoppgåver. Eg er heldigvis ferdig med ein eksamen, så no har eg berre 3 igjen. Gleder meg max til å bli ferdig med alt dette og til å komme meg heim til jul. Eg gleder meg til å ete mamma sin heimelaga mat og til å kose meg saman med familien. Men når det er sagt, så må eg no òg sei at eg kosa meg veldig i Sogndal, eg kan absolutt ikkje klage. Men, eg har komme i ei lita knipe, ei middagsknipe vel og merke. Eg eig ikkje fantasi for tida, så eg klarar ikkje å finne på nye spennande og gode middagar. Eg endar til vanleg opp med å ete spaghetti og kjøtdeig, kyllingfillèt, firkegrateng, fiskekaker eller fiskepinnar. Help me!

Har du eit middagstips til meg?

torsdag 13. november 2008

Slutt på Prison Break?

I følge Dagbladet er det snart slutt på Prison Break grunna mindre oppsluttning i sjåartala. Dette er utan tvil ein av dei beste seriane eg har følgt med på, sjølv om vi er inne i sesong 4 har dei framleis klart å halde spenninga oppe. Det blir trist når den forsvinn frå tv-skjermen!

I <3 style="font-weight: bold;">Kva er din favorittserie?

onsdag 12. november 2008

Heimeeksamen all day long

Sidan mandag har klassen min jobba med heimeeksamen i marknadskommunikasjon.
Eg kan mildt sagt innrømme at eg er lei av å vere kreativ, innovativ, effektiv og positiv. Dei to siste har det blitt lite av i dag, men eg trur likevel vi skal klare å komme i mål til fredag. Eg måtte ta eit bilde for å vise kor søt og fotogen gruppa mi er, og du kan sjå her at dei er glade og fornøgde for vi er snart klare til å gå heim for dagen. No har vi berre to dagar igjen på å fullføre eksamen, så vi må berre stao pao.

Eg har laga eit lite heimeeksamensdikt (ikkje mobb meg, eg tar igjen):

Heimeeksamen
er ingen tentamen
den er ekte
vi kan ikkje nekte

vi skriv og les
jobbar og bles
og til slutt kan vi sei
at vi nøgde blei

måndag 10. november 2008

Karameller, karameller i lange baner

Ja, no skal eitentleg ikkje dette innlegget handle om karameller, men om shampoo. For ei stund tilbake kjøpte eg meg Bead Head sin brunette goddess shampoo og balsam. Eg gleda meg til det skulle komme frå eg trykte på kjøp knappen, tenk å ha karamellukt i håret! <3 Gjett om eg var glad då det kom i posten! Det første eg gjorde då eg hadde opna pakken var å lukte på balsamen, og gjett om den lukta godt! NAM, den lukta karamell. Dei første dagane då eg brukte det spurte eg faktisk folk om dei kjente kor godt håret mitt lukta. No har eg brukt det i nokre veker og etter kvart så har eg merka at eg blir meir og meir lei av den sterke karamellukta. Men noko anna eg har merka er at eg har hatt mykje mindre lyst på snop etter at eg byrja å bruke Brunette Goddesse, så på den måten er det jo ganske positivt. Men uansett, det er kvalitet på både shampoo og balsam og eg merker at det ikkje er vanlege butikkprodukt eg bruker. Men neste gang trur eg at eg skal prøve ut ein av dei andre shampoane til Bed Head.

Kva er din favorittshampoo?

søndag 2. november 2008

Kjekk helg!

Eg har hatt ei super helg! Først med quiz på fredagen og så på bursdagsfesten til Rebekka. Eg var forresten på shopping på laurdag og kjøpte meg ei vinterjakke, så eg har endeleg fått meg ei jakke som eg kan halde varmen i. Det neste på lista mi er sko, gode, varme vintersko. Nokon som har forslag til kva sko eg skal kjøpe? Eg tenkte litt på desse frå DNA, men eg er litt usikker, så eg får sjå kva det blir til. Eg må ta meg ein tur på Sogningen igjen, for i natt byrja det å snø. Og snø vil sei at det er på høg tid med vintersko.

No må eg uheldigvis gjer ei oppgåve som eg har utsatt å gjere til idag, dagen derpå. Det er jo typisk meg. Eg skal forte meg med å gjere ferdig oppgåva slik at eg får kose meg med sex and the city litt seinare i dag. Kos dykk med søndagen folkens!