torsdag 27. november 2008

Bedriftsøkonomi er ei hard nøtt å knekke...

Dagen etter at vi vart ferdige med eksamen i Bygdeturisme var det på an igjen med eksamensførebuing. Denne gangen held vi på med bed.øk og vi skal i løpet av onsdag, torsdag, fredag, lørdag og søndag ha lært oss alt som ein skal lære i bed.øk i løpet av eit halvt år. Wish me luck. Verken Ruth, Karina eller eg er særlig flinke til dette sjølv om vi faktisk er begynt å få grepet på nokre av dei tema vi har øvd oss på. Men ein ting er sikker, hadde det ikkje vore for Rebekka så hadde vi ikkje vore komme så langt som vi er no. Eg forstår det ikkje, men dei to siste dagane har ho holdt ut med å jobbe med oss bed.øken og ho har hjelpt oss med alt vi har lurt på. Skal leite lenge etter ei snillare jente! We love Bekko!

Dei to siste dagane har vi rekna på bed.øk frå klokka 9 til 8 og eg merkar at det tek på. Det at vi sitt så lenge merkast først og fremst på humoren vår, og det påverkar òg vår logiske tankegang. Humøret er overaskande nok ganske bra takka vere alle gullkorna som kjem fram når vi sit og jobbar. Men det er ikkje til å skyve under ein stol at alt blir ekstra vanskeleg når vi sit og reknar så lenge. Til og med enkle pluss og minus oppgåver kan utarte seg til store problem, diskusjonar og latterkramper. Flaks at vi har kalkulator.

8 kommentarer:

  1. HATER bedøk, inderlig langt inni hjerterota! Er SÅ glad jeg aldri aldri skal ha det mere, er et år siden jeg hadde det sist og ennå vrir det seg inni meg når jeg tenker på det:S

    SvarSlett
  2. Eg er glad det ikkje er meg :) Men eg e sikker på at dåkke klare det superduperfint :) Hjelpe iallefall veldig å sitte med oppgåver og gjere dei om att og om att!

    SvarSlett
  3. 9cko: ja, eg hater bedøk eg og! herregud,om eg står i dette faget skal eg hoppe av glede..

    Henriette: håpa virkeli da.. vi driv og rekna om og om igjen på oppgavene no.. håper det hjelper..

    SvarSlett
  4. Kalkulator er en genial oppfinnelse gitt..!

    SvarSlett
  5. Spent på korleis det gjekk med dåkke i dag eg :)

    SvarSlett
  6. Jeg er nettopp ferdig med matte, det er en UTROLIG herlig følelse!!

    SvarSlett
  7. åh! deilig! det var vertfall veldig deilig å bli ferdig med bed.øk =)

    SvarSlett