onsdag 19. november 2008

Eksamen

Kvar gong eg bestemmer meg for å begynne å lese, sett eg i gong med heilt andre ting. Ta i går for eksempel, då eg kom heim frå skulen og eigentleg hadde planlagt å lese, sette eg heller i gang med ei storreingjering. Eg byrja med å rydde rommet mitt, og tenkte først at det var nok, men så såg eg alt eg skulle lese på, så eg fortsette heller med reingjeringa. Eg tørka støv av ALT som er på rommet mitt, vaska golv og vindu og vaska i tilleg kleda mine.
Då dette var gjort fekk eg endeleg begynne å lese. Eg klarer rett og slett ikkje å konsentrere meg om lesinga derom det ikkje er ryddig og fint heime. Dette er nok ein av grunane til et eg liker å sitte på skulen og lese. Det slår ikkje feil, det skjer kvart einaste halvår. Eg har skjønt det slik at mange andre òg har det ekstra reint og fint i eksamenstida.
Beklager alt eksamensmaset mitt, men for tida er det omtrent berre det eg klarer å tenkje på.

6 kommentarer:

  1. Jeg skal egentlig lese til eksamen akkurat nå! hahah, så vet hva du snakker om!

    Når har du eksamen? i hvilke fag?

    skjønner sykt godt åssen du har det, tenker bare på eksamen selv for tiden!

    SvarSlett
  2. Just the way I feel it.. Eg veit eg kjem til å angre på at eg ikkje har lest meir når eg sitte med eksamensoppgåva klokka 09 på tirsdag.. Gje meg motivasjon!! :)

    SvarSlett
  3. Og no skal eg gå å brette i hop klede, og henge opp ei ny maskin, før eg sette i gong med lesinga... hahaha :)

    SvarSlett
  4. Victoria: Skal først ha eksamen i bygdeturisme 25. november, så baller det videre på seg med bedriftsøkonomi og prosjektleiing i desember.. så eg har ein del å ta tak i..

    Henriette: Eg veit det, kjem nok til å angre eg og.. eg er faktisk sjølv på veg no til å sette på ei ny maskin :s

    SvarSlett
  5. Men det går nok så fint, syns bedøk er kjempekjekt! jeg er ferdig med sosiologi og sosialantropologi nå, så er jeg også ferdig med geofag! så det er bare matte igjen:S

    SvarSlett
  6. Uff, matte er ille! Det er mitt ultimate hat fag..

    SvarSlett