onsdag 26. november 2008

HybelJul

I går hadde sambuarane mine og eg pinnekjøt til middag. Eg fekk rett og slett julestemning då vi laga middagen, og vi kosa oss veldig. Julebrusen var sjølvsagt på plass, og kvelden fortsatte med Bonderomantikk og Greys. Det var deilig å kose seg skikkelig i går, og eg følte eg fortjente det sidan eg hadde hatt eksamen tidlegare på dagen. Vi har òg planlagt at vi skal pynte til jul slik at det vert julestemning i desember. Det blir bra, og no gleder eg meg veldig til juleferie. Det er ikkje så alt for lenge til no, berre 2 eksamenar og 19 dagar igjen.

Har du ete julemiddag i år?

3 kommentarer:

  1. Vi hadde nesten julemiddag, med dampepølse, poteter, kålrabistappe og surkål :) Fekk julefeelingen av det òg, sjølv om pinnekjøttet (eller ribba, som eg kalla det) mangla :)

    Gleda meg til å pynte leiligheta til jul, og skulle nesten ønske vi skulle vere her litt lenger :)

    SvarSlett
  2. åå, ja det var jo nesten julemiddag det =)
    eg skal vere her til den 17. så eg må nesten få pynta fram litt jul her då :)

    SvarSlett