måndag 10. november 2008

Karameller, karameller i lange baner

Ja, no skal eitentleg ikkje dette innlegget handle om karameller, men om shampoo. For ei stund tilbake kjøpte eg meg Bead Head sin brunette goddess shampoo og balsam. Eg gleda meg til det skulle komme frå eg trykte på kjøp knappen, tenk å ha karamellukt i håret! <3 Gjett om eg var glad då det kom i posten! Det første eg gjorde då eg hadde opna pakken var å lukte på balsamen, og gjett om den lukta godt! NAM, den lukta karamell. Dei første dagane då eg brukte det spurte eg faktisk folk om dei kjente kor godt håret mitt lukta. No har eg brukt det i nokre veker og etter kvart så har eg merka at eg blir meir og meir lei av den sterke karamellukta. Men noko anna eg har merka er at eg har hatt mykje mindre lyst på snop etter at eg byrja å bruke Brunette Goddesse, så på den måten er det jo ganske positivt. Men uansett, det er kvalitet på både shampoo og balsam og eg merker at det ikkje er vanlege butikkprodukt eg bruker. Men neste gang trur eg at eg skal prøve ut ein av dei andre shampoane til Bed Head.

Kva er din favorittshampoo?

5 kommentarer:

  1. ååå..d e so godt å sjå at du blogga igjen ;)

    kan tenke meg at en blir litt lei av karamell-lukta etter kvart :) eg trur d e ei meining med at shampooflaskene ikkje skal vere so store, eg blir iallefall lei uansett ka shampoo eg har :) har ikkje nåke favorittshampoo egentlig, lika å bytte litt, og d trur eg e sunt for håret òg :) ..men så har eg no ikkje peiling heller då :D

    SvarSlett
  2. OOOH! Får ikke lyst på snop.. I WANT! Favorittshampo har jeg faktisk ikke :(

    SvarSlett
  3. ja, det er faktisk ganske utruleg at eg ikkje har lyst på snop lenger, så er fornøgd med det ;)

    SvarSlett
  4. hvorfor spise r du shampo da er det godt da savner du meg da

    SvarSlett
  5. Jeg er (nesten litt sykelig) glad i kokos, så bumble&bumble creme de coco er mine favoritt hårprodukter. Går rundt og blir mere eller mindre tent på meg selv mange timer etter at jeg har dusjet:D

    SvarSlett