onsdag 31. desember 2008

Godt Nytt År!

Godt nytt år alle saman! Eg håper det nye året blir spennande, innholdsrikt og heilt fantastisk! Ha ei kjekk nyttårsfeiring, så bloggast vi til neste år ;)

Kyss og klem

Nyttårsføresett for 2008, har eg klart å gjennomføre dei?

På nyåret i 2008 hadde eg ein anna blogg, på denne bloggen sette eg opp nyttårsforesett for 2008 og før eg viste ordet av det var det komme på framsida av db.no og Kari Jaquesson kommenterte måla mine med skepsis. Vel, eg tenkte eg skulle gå gjennom nyttårsforesetta mine og sjå om eg faktisk har klart å oppnå noko av det eg hadde så store planar om.

Nyttårsføresetta var:

1. Ete sunt
Har eg gjort det? Vel eg gjorde det faktisk det første halvåret, men etter det skeia eg heilt ut og eg må nok innrømme at eg ikkje har vore så flink til dette.
2. Trene
Dette har eg faktisk gjort, eg har trena 3 gonger i veka slik som målet mitt var (utanom i stressande eksamensperiodar). Klapp på skuldra.
3. Jobbe betre med studia mine
Ja, det vil eg påstå at eg har gjort. Det kan ha noko med at eg har innsett at eg faktisk kjem til å jobbe med reiseliv i framtida. Og eit delmål (ikkje le av meg) eg hadde her var å få minst ein A kvart halvår, vel.. eg klarte det det første halvåret, men 2 B-ar det andre halvåret får no vere ei trøst.
4. Lese bøker
Dette har eg vore dårleg til, eg har det med å ikkje klare å lese bøker når eg går på skule for eg får dårlig samvittighet for at eg ikkje leser pensum istaden. Eg veit, det er rart.. men sånn er eg.
5. Sjå mindre på TV
Ja!! Dette har eg klart, og eg eg veldig fornøgd med det. Eg har klart å sjå mindre på tv og heller sosialisere meg sjølv litt meir. Eg har faktisk blitt ganske flink til å slå av tven (sjølv om sambuarane mine er flinke til å slå den på igjen)
6. Ta lappen
Yes! Den tok eg i august.
7. Vere mindre på internett
Tja, eg har nok vore mindre på internett i år enn i fjor. Men eg har framleis stort forbetringspotensiale.
8. Legge meg til normale tider.
Tja, skeptisk til den. Men kva er normalt anyways? :p Men likevel, eg har vore flinkare enn eg var i fjor.

Alt i alt så føler at at eg faktisk har fått utretta ein del i 2008. Eg er godt nøgd med året og eg ser fram til 2009. Eg trur det vert eit spennande år!

Har du oppnådd dine nyttårsføresett?

måndag 29. desember 2008

Menn som hater kvinner

No har eg lese boka "Menn som hater kvinner" av Stieg Larsson og den var verkeleg bra! Eg forstår godt kvifor så mange har anbefalt boka og vil derfor anbefale den vidare til dei få som ikkje har lese den endå. Det viste seg å bli ei av dei bøkene eg har vanskeleg for å legge frå meg, og det er ikkje så ofte det skjer. Dersom du liker kriminalromaner, så bør du verkeleg lese denne boka, og det er berre sei frå viss du vil låne boka av meg. Eg gleder meg max til å lese dei to andre bøkene i millennium serien. Oh yes i dooo!

fredag 26. desember 2008

God Jul!

Litt på etterskudd, men eg håper alle hadde det fantastisk på julekvelden!

Fekk de mykje fint til jul?

Eg fekk mykje i Rosendahl, parfyme, øyredobbar, ein stor rød koffert, DVD, snop ++ ja, det eg hadde ønska meg rett og slett.

tysdag 23. desember 2008

Pia

Eg har hatt denne bloggen i nesten eit halvt år no utan å legge ut bilete av Pia. Vel, no er det jammen på tide. Merk dåke det rosa halsbandet <3

Er eg ein skap snobb?

Eg har tenkt litt på det no, og funne ut at det meste av det eg liker er ganske snobbete. Når eg for eksempel ser på designer vesker, sko, klokker og smykker, så er det dei tinga som er mest "snobbete" eg liker best. Og eg har ein tendens til å meine at det er det dyreste som er det beste. Med den inntekta eg har (dvs. studielånet mitt) så har eg jo ikkje nokon slags form for kapital til å faktisk utøve dei snobbete tendensane mine som ligg og ulmar under overflaten. Somme gonger er eg glad for at eg ikkje er så materealistisk, men som regel går det fort over. Kven har vel ikkje lyst på ei Chanel veske, ei Dolce klokke, Doir kjoler og eit par eller ti med Manolo Blahnik sko?

Altså, egentleg så er ikkje dette eit problem for meg i det heile tatt, sånn økonomisk sett for eg er faktisk fornuftig nok til å ikkje kjøpe ting eg faktisk ikkje har råd til. Men dersom eg ein gong hadde blitt rik, hadde eg blitt ein snobb då? Eller kanskje snobb ikkje er det rette ordet?

Men eg lurer på, dei som faktisk går rundt i designer utstyr, er mesteparten snobbar? Ser dei ned på andre? Eller er dei berre enkle menneske med god råd? Mange spørsmål no, og etter å ha lese gjennom det eg har skreve, så har eg funne ut at dette ser ut som filosofisk snobberi. Dersom det hadde vore noko som heitte det då, sjølvsagt.

søndag 21. desember 2008

På juletrejakt

Då det endeleg slutta å regne i dag bestemte eg meg for at det var på tide å ta seg ein tur i skogen for å finne årets juletre. Eg gjekk og henta Jens Andreas og han gjekk og henta motorsaga (sjølv om eg sa til han at det hadde vore koseligare å bruke øks). Det tok oss ca ein halvtime inni skogen før vi fant det perfekte treet. Eg tok nokre bilete medan eg leita etter juletre, så eg legg ut eit av dei sjølv om dei vart ganske mørkt.

Utanom å finne juletre i dag, så har vi pynta til jul i heimen. Det var koseleg og eg fekk litt julestemning av det, noko som var på høg tid at eg fekk. Eg har forresten begynt å lese ei ny bok, "Menn som hater kvinner" av Stieg Larsson. Er nett begynt på den, så kan ikkje heilt sei kva eg synest om den endå. Men ut ifrå det eg har høyrt om den så skal det vere ei veldig bra bok.


laurdag 20. desember 2008

Coca-Cola Cherry

Eg var på min obligatoriske juleshopping i Førde i går, og då eg var på matbutikken Domus oppdaga eg noko heilt fantastisk! Dei sel Coca-Cola Cherry! Eg viste ikkje at det vart solgt i norge ein gong. Eg stoppa og tok bilete av det med ein gong! SJÅ:

Og dei seier at det er fredag den 13. som er ille…

Eg hadde eigentleg bestemt meg for å ikkje blogge om denne dagen i det heiletatt då eg satt på bussen heim frå åsane på onsdag. Årsaka til dette var enkelt og greitt at eg ikkje ville pine meg sjølv til å faktisk skrive ned alt som hadde skjedd denne dagen, men eg har ombestemt meg. Eg vil at alle skal vite kvifor 17.desember frå no av er min ulykkesdag nr.1.

Det heile starta med at Wally og eg planla at vi skulle reise til Bergen på juleshopping dagen etter min siste eksamen. Vi fekk med oss Grete på denne godt planlagde turen og var difor sikre på at vi kom til å få det kjekt. Vi hadde sjølvsagt på førehand planlagt å ete på McDonalds minst 2 gonger i løpet av dagen. Datoen vi skulle reise på viste seg å falle på onsdag den 17. desember.

Onsdags morgen vakna eg av eit sjokk, eg trudde eg hadde forsove meg, og det viste deg seg at eg hadde. I alle fall med ein halv time, så eg hadde langt ifrå så god tid som eg hadde planlagt. Men det at eg hadde forsove meg gjorde ikkje så mykje når eg oppdaga at Wally og Grete og hadde gjort det. Wally sov på Leikanger for anledninga slik at ho skulle sleppe å hente Grete der så tidleg på morgonen og dei kom til Sogndal 20 minutt seiare enn planlagt, noko som eigentleg passa meg fint.

Turen til Åsane gjekk nesten smertefritt, vi hadde ein del røykepausar på vegen for Grete og eg hadde på ein merkeleg måte klart å trumfe gjennom at vi skulle ha røykfri bil på turen. Det var då vi skulle svinge inn på parkeringsplassen på Åsane at alt begynte, plutseleg slutta bilen å fungere og den stoppa på plassen. Automatisk antok vi at det var batteriet det var noko gale med, men etter mykje prøving og alt for mange nye sikringar fant vi ut at det ville vere lurast å ringe etter NAF. Medan vi venta på NAF rakk vi å ta oss ein tur på McDonalds for å trøstespise. På denne tida fekk Grete ein telefon, kva det var om trur eg ikkje eg skal gå inn på her, men den la mildt sagt ein endå større dempar på vår allereie dårlege dag. Ei stund etter kom NAF på plassen og tok ikkje mindre enn 1250 kroner for å flytte bilen til nærmaste verkstad (som viste seg å vere 500 meter vekke). Wally fekk beskjed om at bilen måtte ha ein ny dynamo som viste seg å komme på den nette sum av 4050 kroner. Eg, som hadde planlagt å bli ferdig med julehandelen denne dagen endte opp med å ikkje kjøpe meg noko som helst, medan Wally endte opp med å bruke betrakteleg meir pengar enn planlagt på noko ho aldrig hadde høyrt om før, ein dynamo.

Då klokka var halv 6 sette vi oss tafatte på bussen tilbake til Sogndal og forbanna den dagen vi bestemte oss for å reise til Bergen. Eg angra på at eg ikkje hadde reist heim til Guddal denne dagen i staden for å reise på Bergensturen.

I dag fekk eg ein telefon frå Wally, der ho spurte meg om eg huska den kvelva traileren som vi hadde køyrt forbi på vegen til Bergen. Ja, sjølvsagt hugsa eg den for eg hadde lurt på kva den inneheldt. Vel, no viste Wally kva den traileren inneheldt. Den var fullasta med alkohol, fullasta! Og den hadde vi berre susa rett forbi… Eg meiner det, dersom du skal ha tak i meg 17. desember neste år er det nok ikkje sikkert du får kontakt. Grete, Wally og eg skal nemleg drikke store mengder alkohol den 16. desember slik at vi bekymringslaust kan sove oss gjennom heile 17. desember.

tysdag 16. desember 2008

Juleferie <3

Då var det gjort, eg klarte å gjennomføre muntleg eksamen utan å bryte saman og har difor juleferie no! Det skal bli godt å endeleg kunne slappe av og tenkje på andre ting enn eksamen. I tillegg er eg faktisk fornøgd med karakteren som eg fekk og har difor fått ein god start på juleferien allerede. No ser eg fram til bergenstur med Wally og Grete i morgo, og på torsdag skal eg heim til mamma og pappa, og mamma skal lage respeballar til meg til middag. Eg gleder meg sånn! Eg gleder meg til bergen, eg gleder meg til å sjå mamma, pappa, Jens Andreas og besta igjen. Og søøte Pia mi gleder eg meg til å sjå igjen. Eg gleder meg til å pynte til jul heime og til å lage julekaker med mamma. Og så gleder eg meg selvfølgelig til å møte dei søte vennane mine igjen. No skal eg høyre på Elvis sine nydelege julesanger og nyte livet. Eg er så glad det endeleg er jul!

laurdag 13. desember 2008

Rock'n Roll Wolf

Det var ein film eg alltid elska å sjå då eg var liten, og det var Rock'n Roll Wolf. Den blei ofte vist i juleferiar og påskeferiar, og eg satt alltid klistra til TVen når dette var på skjermen. Søte søte, geitene og slemme, men likevel tøffe ulven.



Husker du dette?
Har du ein favorittfilm frå då du var liten?

torsdag 11. desember 2008

Squash for nybegynnere?

I dag skal eg prøve noko som eg aldri har gjort før, eg skal spele squash. Det kan bli spennande i og med at eg er redd for baller uansett størrelse. Men ein squash ball kan vel ikkje vere like ille som ein handball eller ein fotball? Det håper eg inderleg ikkje, i så fall slit eg. Men eg trur det kan bli kjekt med ein ny form for trening til ei forandring frå spinning og puls, eg har trua.

Eg har forresten endeleg fått brukt tilgodelappen min frå den gangen eg kjøpte den stormbergjakka med øydelegt glidelås. Eg feiga ut og kjøpte ei nesten lik jakke i svart sjølv om eg eigentleg hadde bestemt meg for å kjøpe ei jakke med meir farge. Men eg likte den, så det er vel det som teller.

Pepperkakehus

Eg var på Leikanger for nokre dagar sidan, og på biblioteket der hadde dei utstilling av pepperkakehus frå forskjellige barnehagar. Då eg såg det vart eg berre nødt til å ta bilde av dei, men no vil eg og lage pepperkekehus! Kanskje eg gjer det når eg kjem heim til jul, men det blir så seint i år at det sikkert ikkje blir noko av. Men då får eg heller trøste meg med bilda eg tok.

onsdag 10. desember 2008

EksamensTabbe

Denne dagen har gått med til ein del fortvilelse og ein del rydding i papir. Rebekka oppdaga idag at vi hadde glemt å levere evalueringsskjemaet i eksamensinnleveringa vår i prosjektleiing. Det er ei stund sidan vi hadde levert oppgåva, så vi vart ganske fortvila då vi skjønte at vi faktisk hadde glemt å lagt ved denne delen. Då eg fikk vite det gjekk eg ned på skulen for å møte Rebekka og for å innrømme den store tabba til læreren vår. Det heile vart ikkje betre då vi fekk beskjed av læraren at ho var svært fortvila på våre vegne, og at om det ikkje hadde vore for denne tabba ville vi fått ein heilt klar A på oppgåva. Vi fekk lov til å levere evalueringsskjemaet, men vi fekk beskjed om at vi ville komme til å bli trekkt 2-3 karakterar på grunn av dette, på grunn av ein dum, dum slurvefeil frå vår side. Akkurat no skulle eg ynskje at ho aldri sa at vi eigentleg ville fått ein A om det ikkje hadde vore for dette. Det burde ikkje vere mogeleg...

tysdag 9. desember 2008

Tack För Kaffet

Kjekt på Timbuktu konsert på Fredag, fikk til og med snakka litt med han etter konserten.

torsdag 4. desember 2008

Timbuktu

Kva skjer på fredag? Jo, på fredag kjem Timbuktu til Sogndal, først skal han signere plater på Sogningen og deretter skal han spele på Meieriet! Eg har heile tida vore usikker på om eg skal på konserten eller ikkje, men i dag bestemte eg meg endeleg. Så eg sprang på Meieriet for å kjøpe billett, og eg sprang på polet for å kjøpe vin, hurra! Satsar på ein flott konsert og god stemning på Meieriet sjølv om vi er midt inne i eksamensperioden.

Æ gleeede mæ!




Jeg har plassert min blogg i Sogndalsfjørabloggportalen Bloggurat!

tysdag 2. desember 2008

Endelig ferdig med bed.øk!

Det var på tide, eg kan endeleg glede meg over å vere ferdig med bed.øk (håper eg). I løpet av dei 5 intensive dagane med bed.øk rekning, overstadig intern (eventuelt intim) humor, frustrasjon, tårer og galskap kom vi (Karina, Ruth og eg) fram til at vi skulle brenne alle bed.øk arka våre når vi hadde fått resultata på eksamenen vår. Gjett om eg gleder meg, då skal dei få svi, dei ekle, stygge og vanskelige oppgåvene. Hahaha! Ta den du, Helge (bed.øk læraren vår)!

Eksamenen var vanskeleg, iallefall den oppgåva eg trudde eg kom til å få til uansett, for der hadde Helge funne ut at han skulle lage ein heilt ny vri slik at vi kunne beviste at vi beherska og hadde full forståelse for det. Full forståelse my ass! Det verste var at Helge innrømte at det var ein dum måte å gjere det på då vi gjekk for å klage. Den innrømmelsen hans gjorde meg berre meir sint. Men det som gleda meg var at vi fekk to oppgåver i det som Elin hadde lært oss på lørdag, snille Elin! Hadde det ikkje vore for ho er det ikkje mykje eg hadde fått til på den eksamenen. Skulle ønske eg og var ein person som blei rusa på bed.øk, det hadde vore noke det.

Kvelden igår vart uansett betre enn dagen, då var det kosekveld med sjokoladekake og film. Sjølv om eg trur at både eg og Bekko nesten sovna under filmen, bed.øk tek verkeleg på kreftene.

Men nok om bed.øk. No skal eg sjå fremmover og forhåpentligvis bli flinkare til å blogge, eg veit at eg er ein skuffande bloggar for tida. Det er ikkje noko å legge skjul på, så no skal eg bli flink igjen. Eg skal iallefall prøve. Men eg har eit lite problem, eg veit ikkje heilt kva eg skal skrive om lenger. Er det noko spesielt du har lyst å lese om? Eg kan kanskje lage ein poll på det, slik som så mange andre bloggere gjer. Rett og slett gjennomføre ein aldrig så liten markedsundersøkelse.