tysdag 2. desember 2008

Endelig ferdig med bed.øk!

Det var på tide, eg kan endeleg glede meg over å vere ferdig med bed.øk (håper eg). I løpet av dei 5 intensive dagane med bed.øk rekning, overstadig intern (eventuelt intim) humor, frustrasjon, tårer og galskap kom vi (Karina, Ruth og eg) fram til at vi skulle brenne alle bed.øk arka våre når vi hadde fått resultata på eksamenen vår. Gjett om eg gleder meg, då skal dei få svi, dei ekle, stygge og vanskelige oppgåvene. Hahaha! Ta den du, Helge (bed.øk læraren vår)!

Eksamenen var vanskeleg, iallefall den oppgåva eg trudde eg kom til å få til uansett, for der hadde Helge funne ut at han skulle lage ein heilt ny vri slik at vi kunne beviste at vi beherska og hadde full forståelse for det. Full forståelse my ass! Det verste var at Helge innrømte at det var ein dum måte å gjere det på då vi gjekk for å klage. Den innrømmelsen hans gjorde meg berre meir sint. Men det som gleda meg var at vi fekk to oppgåver i det som Elin hadde lært oss på lørdag, snille Elin! Hadde det ikkje vore for ho er det ikkje mykje eg hadde fått til på den eksamenen. Skulle ønske eg og var ein person som blei rusa på bed.øk, det hadde vore noke det.

Kvelden igår vart uansett betre enn dagen, då var det kosekveld med sjokoladekake og film. Sjølv om eg trur at både eg og Bekko nesten sovna under filmen, bed.øk tek verkeleg på kreftene.

Men nok om bed.øk. No skal eg sjå fremmover og forhåpentligvis bli flinkare til å blogge, eg veit at eg er ein skuffande bloggar for tida. Det er ikkje noko å legge skjul på, så no skal eg bli flink igjen. Eg skal iallefall prøve. Men eg har eit lite problem, eg veit ikkje heilt kva eg skal skrive om lenger. Er det noko spesielt du har lyst å lese om? Eg kan kanskje lage ein poll på det, slik som så mange andre bloggere gjer. Rett og slett gjennomføre ein aldrig så liten markedsundersøkelse.

6 kommentarer:

  1. Jul, jul og jul :) Eg har lyst å lese julegavetips! :)

    SvarSlett
  2. Wiiihuuuuu gratulerer, kan tenke du er lettet i dag:) Husker hvertfall jeg var det etter den:)!
    Hmmmm det var lurt Henriette, kanskje vi alle kunne fått litt inspirasjon!! :)

    SvarSlett
  3. usj, prøvetid.. godt å være ferdig kan jeg tenke meg.. jeg vil lese om deg og dine meninger!

    SvarSlett
  4. ..og så har eg forresten lyst å sjå bilde av kjolen din :D

    SvarSlett
  5. åh, julegavetips sliter eg meg sjølv, så der kan eg nok ikkje hjelpe nokon..
    hmmmm, men eg kan alltids sjå om eg finn på noko ;)

    SvarSlett