tysdag 23. desember 2008

Er eg ein skap snobb?

Eg har tenkt litt på det no, og funne ut at det meste av det eg liker er ganske snobbete. Når eg for eksempel ser på designer vesker, sko, klokker og smykker, så er det dei tinga som er mest "snobbete" eg liker best. Og eg har ein tendens til å meine at det er det dyreste som er det beste. Med den inntekta eg har (dvs. studielånet mitt) så har eg jo ikkje nokon slags form for kapital til å faktisk utøve dei snobbete tendensane mine som ligg og ulmar under overflaten. Somme gonger er eg glad for at eg ikkje er så materealistisk, men som regel går det fort over. Kven har vel ikkje lyst på ei Chanel veske, ei Dolce klokke, Doir kjoler og eit par eller ti med Manolo Blahnik sko?

Altså, egentleg så er ikkje dette eit problem for meg i det heile tatt, sånn økonomisk sett for eg er faktisk fornuftig nok til å ikkje kjøpe ting eg faktisk ikkje har råd til. Men dersom eg ein gong hadde blitt rik, hadde eg blitt ein snobb då? Eller kanskje snobb ikkje er det rette ordet?

Men eg lurer på, dei som faktisk går rundt i designer utstyr, er mesteparten snobbar? Ser dei ned på andre? Eller er dei berre enkle menneske med god råd? Mange spørsmål no, og etter å ha lese gjennom det eg har skreve, så har eg funne ut at dette ser ut som filosofisk snobberi. Dersom det hadde vore noko som heitte det då, sjølvsagt.

4 kommentarer:

  1. Altså, no er eg kanskje litt sær her..men eg ville nok aldri kjøpt nåkken av dei merka om eg hadde råd:D Men det er jo bare meg dååå:D

    SvarSlett
  2. Eg skulle til å seie det same, bryr meg egentlig ikkje om merka. Så lenge eg likar tinga, har det ikkje å mykje å seie ka merke d e. ;) hihi

    SvarSlett
  3. Meeen må legge til det at viss eg mot formodning forelskar meg i ei dyr merkevare, tar eg gjerne til takke med fake-varianten :P

    SvarSlett
  4. Men det som e greia e at dei merka har sååå mange fine ting, ergo eg vil ha ting fra dei merka ;)

    SvarSlett