tysdag 16. desember 2008

Juleferie <3

Då var det gjort, eg klarte å gjennomføre muntleg eksamen utan å bryte saman og har difor juleferie no! Det skal bli godt å endeleg kunne slappe av og tenkje på andre ting enn eksamen. I tillegg er eg faktisk fornøgd med karakteren som eg fekk og har difor fått ein god start på juleferien allerede. No ser eg fram til bergenstur med Wally og Grete i morgo, og på torsdag skal eg heim til mamma og pappa, og mamma skal lage respeballar til meg til middag. Eg gleder meg sånn! Eg gleder meg til bergen, eg gleder meg til å sjå mamma, pappa, Jens Andreas og besta igjen. Og søøte Pia mi gleder eg meg til å sjå igjen. Eg gleder meg til å pynte til jul heime og til å lage julekaker med mamma. Og så gleder eg meg selvfølgelig til å møte dei søte vennane mine igjen. No skal eg høyre på Elvis sine nydelege julesanger og nyte livet. Eg er så glad det endeleg er jul!

7 kommentarer:

  1. No har du virkelig fortent juleferie snuppa :) Kos deg i Bergen og heime på juleferie! Du må love å blogge mykje ;) klem

    SvarSlett
  2. elsker jul, men denne julen vil nok bestå for det meste av jobbing:(

    SvarSlett
  3. Henriette: Takk, eg skal kosa meg så godt eg kan i Bergen =) og eg skal prøva så godt eg kan å blogge i jula :) og det må du og love ;)

    Kristin Tuva: Å, kjipt å måtte jobbe masse i ferien, men på samme tid blir det jo mykje penger ut av det då =)

    SvarSlett
  4. Awww grattis med vel overstått:) Nå fortjener du en gog kvil :) Ha en super juleferie og ha det gøy i Bergen

    SvarSlett
  5. da har du nok temmelig bra musikksmak ;)

    SvarSlett
  6. så bra at du er fornøyd med karakteren da :) kos deg i ferien!

    SvarSlett
  7. Lene Kristin: Takk for det! :D

    Utrolia: Hehe, vel, eg er fornøgd med musiksamken min ;)

    mariastenersen: yep:D kos deg du og!

    SvarSlett