onsdag 31. desember 2008

Nyttårsføresett for 2008, har eg klart å gjennomføre dei?

På nyåret i 2008 hadde eg ein anna blogg, på denne bloggen sette eg opp nyttårsforesett for 2008 og før eg viste ordet av det var det komme på framsida av db.no og Kari Jaquesson kommenterte måla mine med skepsis. Vel, eg tenkte eg skulle gå gjennom nyttårsforesetta mine og sjå om eg faktisk har klart å oppnå noko av det eg hadde så store planar om.

Nyttårsføresetta var:

1. Ete sunt
Har eg gjort det? Vel eg gjorde det faktisk det første halvåret, men etter det skeia eg heilt ut og eg må nok innrømme at eg ikkje har vore så flink til dette.
2. Trene
Dette har eg faktisk gjort, eg har trena 3 gonger i veka slik som målet mitt var (utanom i stressande eksamensperiodar). Klapp på skuldra.
3. Jobbe betre med studia mine
Ja, det vil eg påstå at eg har gjort. Det kan ha noko med at eg har innsett at eg faktisk kjem til å jobbe med reiseliv i framtida. Og eit delmål (ikkje le av meg) eg hadde her var å få minst ein A kvart halvår, vel.. eg klarte det det første halvåret, men 2 B-ar det andre halvåret får no vere ei trøst.
4. Lese bøker
Dette har eg vore dårleg til, eg har det med å ikkje klare å lese bøker når eg går på skule for eg får dårlig samvittighet for at eg ikkje leser pensum istaden. Eg veit, det er rart.. men sånn er eg.
5. Sjå mindre på TV
Ja!! Dette har eg klart, og eg eg veldig fornøgd med det. Eg har klart å sjå mindre på tv og heller sosialisere meg sjølv litt meir. Eg har faktisk blitt ganske flink til å slå av tven (sjølv om sambuarane mine er flinke til å slå den på igjen)
6. Ta lappen
Yes! Den tok eg i august.
7. Vere mindre på internett
Tja, eg har nok vore mindre på internett i år enn i fjor. Men eg har framleis stort forbetringspotensiale.
8. Legge meg til normale tider.
Tja, skeptisk til den. Men kva er normalt anyways? :p Men likevel, eg har vore flinkare enn eg var i fjor.

Alt i alt så føler at at eg faktisk har fått utretta ein del i 2008. Eg er godt nøgd med året og eg ser fram til 2009. Eg trur det vert eit spennande år!

Har du oppnådd dine nyttårsføresett?

5 kommentarer:

  1. Kari Jaquesson faktisk! haha :) Eg hadde ikkje nyttårsforsett i år, men prøvar meg komande år ;)

    SvarSlett
  2. har lært meg at det beste nyttårsforsettet er å prøve å ikke lage nyttårsforsett/love ting man ikke kan holde jeg ;)
    heller bare prøve være det beste man kan være.. ! hihi...
    robotsamtaler er genialt ja :P

    SvarSlett
  3. Henriette: Yep, faktisk. Kan trygt sei eg vart litt overaska når eg såg det.. hehe :)

    Utrolia: Ja, 2008 var det første året eg faktisk hadde nyttårsføresett. Men eg er ganske fornøgd, eg synest det er greit å ha nokre mål å gå etter ;)

    SvarSlett
  4. Gratulere Karoline.
    Må seie at du ha virkelig gjort jobben! Du ska få eit stort klapp på skuldra frå meg og;)

    SvarSlett