laurdag 20. desember 2008

Og dei seier at det er fredag den 13. som er ille…

Eg hadde eigentleg bestemt meg for å ikkje blogge om denne dagen i det heiletatt då eg satt på bussen heim frå åsane på onsdag. Årsaka til dette var enkelt og greitt at eg ikkje ville pine meg sjølv til å faktisk skrive ned alt som hadde skjedd denne dagen, men eg har ombestemt meg. Eg vil at alle skal vite kvifor 17.desember frå no av er min ulykkesdag nr.1.

Det heile starta med at Wally og eg planla at vi skulle reise til Bergen på juleshopping dagen etter min siste eksamen. Vi fekk med oss Grete på denne godt planlagde turen og var difor sikre på at vi kom til å få det kjekt. Vi hadde sjølvsagt på førehand planlagt å ete på McDonalds minst 2 gonger i løpet av dagen. Datoen vi skulle reise på viste seg å falle på onsdag den 17. desember.

Onsdags morgen vakna eg av eit sjokk, eg trudde eg hadde forsove meg, og det viste deg seg at eg hadde. I alle fall med ein halv time, så eg hadde langt ifrå så god tid som eg hadde planlagt. Men det at eg hadde forsove meg gjorde ikkje så mykje når eg oppdaga at Wally og Grete og hadde gjort det. Wally sov på Leikanger for anledninga slik at ho skulle sleppe å hente Grete der så tidleg på morgonen og dei kom til Sogndal 20 minutt seiare enn planlagt, noko som eigentleg passa meg fint.

Turen til Åsane gjekk nesten smertefritt, vi hadde ein del røykepausar på vegen for Grete og eg hadde på ein merkeleg måte klart å trumfe gjennom at vi skulle ha røykfri bil på turen. Det var då vi skulle svinge inn på parkeringsplassen på Åsane at alt begynte, plutseleg slutta bilen å fungere og den stoppa på plassen. Automatisk antok vi at det var batteriet det var noko gale med, men etter mykje prøving og alt for mange nye sikringar fant vi ut at det ville vere lurast å ringe etter NAF. Medan vi venta på NAF rakk vi å ta oss ein tur på McDonalds for å trøstespise. På denne tida fekk Grete ein telefon, kva det var om trur eg ikkje eg skal gå inn på her, men den la mildt sagt ein endå større dempar på vår allereie dårlege dag. Ei stund etter kom NAF på plassen og tok ikkje mindre enn 1250 kroner for å flytte bilen til nærmaste verkstad (som viste seg å vere 500 meter vekke). Wally fekk beskjed om at bilen måtte ha ein ny dynamo som viste seg å komme på den nette sum av 4050 kroner. Eg, som hadde planlagt å bli ferdig med julehandelen denne dagen endte opp med å ikkje kjøpe meg noko som helst, medan Wally endte opp med å bruke betrakteleg meir pengar enn planlagt på noko ho aldrig hadde høyrt om før, ein dynamo.

Då klokka var halv 6 sette vi oss tafatte på bussen tilbake til Sogndal og forbanna den dagen vi bestemte oss for å reise til Bergen. Eg angra på at eg ikkje hadde reist heim til Guddal denne dagen i staden for å reise på Bergensturen.

I dag fekk eg ein telefon frå Wally, der ho spurte meg om eg huska den kvelva traileren som vi hadde køyrt forbi på vegen til Bergen. Ja, sjølvsagt hugsa eg den for eg hadde lurt på kva den inneheldt. Vel, no viste Wally kva den traileren inneheldt. Den var fullasta med alkohol, fullasta! Og den hadde vi berre susa rett forbi… Eg meiner det, dersom du skal ha tak i meg 17. desember neste år er det nok ikkje sikkert du får kontakt. Grete, Wally og eg skal nemleg drikke store mengder alkohol den 16. desember slik at vi bekymringslaust kan sove oss gjennom heile 17. desember.

6 kommentarer:

  1. Ojojoj! Det må eg seie!!!
    det var ALT på ein gong også!
    Dette kjem du ikkje til å gløyme så lett nei... men litt kjekke minne også :)

    SvarSlett
  2. Eg gløymer nok ikkje dette med det første nei.. hehe.. det er jo så domt at eg må le litt.. :)

    SvarSlett
  3. Oiiii for en fantastisk tur du hadde vennen :P regner med denne ike forsvinner fra minnebøkene med det første:P Bedre lykke neste gang lissom

    SvarSlett
  4. hehe, herre jemini, e neimen ikkje greit å vere på tur :P

    SvarSlett
  5. Lene Kristin: hehe, ikkje sant :p

    Henriette: nei, da skal ikkje vere enkelt veit eg..

    SvarSlett
  6. hahaha, eg skulle inn og kommentere på innlegget ditt no, men ser at d har eg jammen klart i natt :P Kan faktisk ikkje huske at eg har vore på dataen i d heile tatt ;) *plystre* Jula bjynde bra :P

    SvarSlett