søndag 21. desember 2008

På juletrejakt

Då det endeleg slutta å regne i dag bestemte eg meg for at det var på tide å ta seg ein tur i skogen for å finne årets juletre. Eg gjekk og henta Jens Andreas og han gjekk og henta motorsaga (sjølv om eg sa til han at det hadde vore koseligare å bruke øks). Det tok oss ca ein halvtime inni skogen før vi fant det perfekte treet. Eg tok nokre bilete medan eg leita etter juletre, så eg legg ut eit av dei sjølv om dei vart ganske mørkt.

Utanom å finne juletre i dag, så har vi pynta til jul i heimen. Det var koseleg og eg fekk litt julestemning av det, noko som var på høg tid at eg fekk. Eg har forresten begynt å lese ei ny bok, "Menn som hater kvinner" av Stieg Larsson. Er nett begynt på den, så kan ikkje heilt sei kva eg synest om den endå. Men ut ifrå det eg har høyrt om den så skal det vere ei veldig bra bok.


7 kommentarer:

  1. Skulle gjerne ha gått på juletrejakt eg òg :) Det hørest så koselig ut! (Var no forsovidt på juletrejakt i natt då..;)

    Eg har prøvd å bjynde på "Menn Som Hater Kvinner" SOO mange gongar, men eg kjem liksom aldri heilt i gong :) Må kanskje gjere en innsats igjen, har jo lyst å lese den!

    SvarSlett
  2. Heldig som har fått julestemning. Det er mer enn hva jeg har!

    SvarSlett
  3. hallooooo!!!! du må jo lese den...evi bra :D hele triologien er bra :D eg e ikkje i julestemning...:( juletreet vårt ligger i garasjen :D opp på tirsdag:D

    SvarSlett
  4. det er en utrolig bra bok faktisk!

    SvarSlett
  5. Henriette: hehe, ja du har no henta juletre du ;)

    Karoline: Nei.. kjipt det.. er sikkert vanskelig å komme i julestemning når man ikkje er heilt frisk..

    Karina: halloooo har jo begynt jo ;) vi tok inn juletreet vårt i dag, så er det klart til vi skal pynte det i morra :)

    Victoria: Håper eg og synest det! :D

    SvarSlett
  6. åååå Det der hørtes utrolig koselig ut!! Kunne tenke meg å finne eget tre i skogen:)!!
    Weeee gleder meg så til å pønte juletree <3

    SvarSlett
  7. vi har pynta juletre no! :D så kos!

    SvarSlett