torsdag 29. januar 2009

Utfordring: Foto

Eg har blitt utfordra av Henriette.

Utfordringa var dette:
  • Gå til foto/mapper
  • Ta ut den 6. mappen
  • Finn det 6. bildet
  • Sett bildet på bloggen og skriv noe om dette bildet
  • Inviter 6 nye til å bli med på denne utfordringen. Link til dem, og la dem vite at de er utfordret.
Her er mitt bilde:










Bildet er frå bierstube i oktober. Det var ein veldig kjekk kveld, eg har faktisk blogga om den tidligare. Sweet!

Men no vil eg utfordre Jens Andreas, Ole Andrè, Anne Britt, Rita, Nora og Victoria

søndag 25. januar 2009

Søndag og kino

Søndagen er her, og på søndagar er det alltid kos å gå på kino i mangel på andre ting å finne på. Idag skal eg sjå filmen Yes Man med Jim Carrey i hovudrolla sammen med Karina og Maria. Håper den er bra, eg gleder meg iallefall til å sjå den.

Eg hadde det forresten veldig kjekt på quiz på fredag og var vel strengt talt ute litt lenger enn planlagt, men det er jo slikt som skjer. Det vart og MYKJE meir dansing enn planlagt (dumme alt for flinke DJ som spelte så mange bra låter at vi ikkje kune ta pause). Laurdag fekk eg besøk av Ruth og Karina før vi tok oss turen ned på Meieriet for å sjå om det var noko spennande som skjedde.

Btw: Karina påpeika at det virka på blogginlegget under at det berre var eg som hadde vore flink og trene på fredag. Dette var sjølvsagt feil. Karina og Ruth var like flinke som meg ;)

fredag 23. januar 2009

Helg!

Hurra, no er det helg! Ikkje det at eg har hatt ei travel veke eller noko, men helg er alltid kjekt! Eg har det jo ikkje akkurat travelt på skulen no for tida. Det eine faget som eg skal ha undervisning i dette halvåret begynner ikkje før 9.februar, og eg har endå ikkje fått svar på om problemstillinga til bacheloroppgåva er godkjent. Så då er det ikkje så mykje anna å gjere enn å vente.

I dag var eg så flink at eg gjekk på spinning2 og etter det trena eg i ein halvtime på styrkerommet. Eg er godt nøgd. Eg trur dette må gjerast kvar fredag slik at eg blir ferdig med treninga tidleg på dagen, så slepp eg å stresse med det.

Seinare i dag skal eg på VEKA-funksjonær møte på meieriet, håper verkeleg at eg er blitt sett opp som vakt så eg slepp å stå i bar. Det er så oye bale å stå i bar når det er mange folk ute, eg vert berre stressa av slikt. Men etter funksjonærmøtet vert det quiz, og det har eg gleda meg til lenge. Eg har ikkje vore på quiz siden før juleferien, sist fredag var det jo årsfest. Og på laurdag vert det først shopping og så ein tur ut på meieriet litt seinare på kvelden. Ahh, i love the weekends!

Ha ei flott helg, sweethearts <3

Konkurranse!

Victoria har konkurranse på bloggen sin, My girl world wonder. Her er alt du kan vinne:













Bli med på konken du og med å klikke her

Litt humor ein sein torsdagskveld



tysdag 20. januar 2009

Karina, Ruth og Karoline på tur














Karina og Ruth fant fram istappar, eg fant fram (mobil)kameraet. Sjå kor søte dei er, eg ler meg ihel av desse bilda! Søndagsturer er undervurdert. (ja, dette var på søndag og ja, eg veit eg er treig med blogginga)

Btw: Årsfesten var ekstremt vellukka og tusen takk for alle tipsa eg fekk! :D

torsdag 15. januar 2009

Årsfest

Plutselig vart det bestemt at eg skal på årsfest, og temaet for festen er "dress to impress". Problem: eg har ingen impressive kle, så kva gjer eg då? Jo, eg gjekk på shopping idag. Eg var på salg faktisk, og då kjøpte eg meg ein kjole som eg fikk 70% rabatt på. Splended! Eg er ikkje sikker på om det er den kjolen eg skal bruke på årsfesten, men eg har i så fall kjole til ei anna anledning. Så, tell me: kan eg bruke denne? og kva tilbehør skal eg ha?

(Beklager dårlig bildekvalitet, men digitalkameraet mitt er for tida ute av drift)

tysdag 13. januar 2009

Bachelor møte

I dag har vi hatt bachelormøte på skulen der vi fekk informasjon om korleis vi skulle gå fram når vi skal skrive ei bacheloroppgave. Vi har og fått beskjed om å ha klart tema og grupper til fredag, men vi (eg og Karina) har allerede bestemt oss om kva vi skal skrive om, så problemet blir heller kva problemstillinga vår skal vere. Vi skal iallefall skrive om Fjellsportfestivalen i Sogndal, eg trur det kjem til å bli spennande å skrive om.

Tenk at eg faktisk går siste året mitt i Sogndal no. Det er heilt utruleg kor fort desse åra faktisk har gått, og no trivst eg så godt at eg ikkje har lyst til å reise herifra. Eg gruer meg til å måtte begynne å søke på jobber og til å gå på skumle jobbintervju, og eg lurer i det heile tatt på kva slags jobbar eg kjem til å kunne få når eg er ferdig her. Men eg veit endå ikkje om eg faktisk skal begynne å jobbe neste år, eg er veldig frista til å fortsette å gå på skule. Det naturlege valget hadde vel vore å fortsette med ei mastergrad, men det høyres så stort og vanskeleg ut. Eg håper eg klarer å bestemme meg for kva eg skal gjere til neste år, master, jobbing, jorda rundt, forbedring av karakterer, eit semester i York, årsstudium i ledelse... det er så mykje eg har lyst til å gjere.

Kva skal du bli når du blir stor?

måndag 12. januar 2009

Zofies verden

Eg ler og ler og ler! Eg har nett oppdaga tegneserien zofies verden (ja eg veit eg er treig) og det er så mange morsome striper! Fant ut at eg måtte dele noken av dei med dåke.

(Klikk på stripene for å få dei større)












Dersom du vil sjå meir, så finner du det på db.no under tegneserier. Enjoy ;)

Eg er ganske glad i å sjå film

Derfor har eg veldig lyst på denne boka:













Give it to me! :D
Ganske creepy cover, men den boka er jo eit must for filmelskarar.

søndag 11. januar 2009

Back in Sogndal

Sånn, då er eg tilbake i Sogndal etter 4 veker heime i Guddal. Merka at det var godt å komme tilbake og det var kjekt å treffe folk igjen. Det vart ein tur på heimen og vidare derifrå til Meieriet i går kveld. Og av ein eller anna merkeleg grunn var Diana og eg omtrent dei første som kom på Meieriet (klokka var halv 12). Men vi hadde det kjekt likevel, og det tok ikkje så lang tid før det begynte å strømme på med folk, men vi hadde bord. HAH!

Ellers har søndagen gått med på å begynne å lese den andre boka til Stieg Larsson, "Jenta som lekte med ilden" den virker spennande så langt, så det lover godt. Eg sitter for øyeblikket og skjuler bort på (den fine nye røde) kofferten min og vurderer å faktisk begynne å pakke ut. Siden den nye kofferten er større enn den gamle eg hadde så har eg tatt med meg endå meir kle, så skapet mitt kjem nok til å bli stappa. Skulle ønske eg hadde eit walk in closet, eit som er heilt likt det Carrie har i Sex and the City filmen. Det hadde vore fantastisk det! Men eg hadde blitt fornøgd med dette:










Ja, den som hadde vert rik, eg vant ikkje på lotto i går heller. Det er jo utgjort og, men eg klarer ikkje å la vere å kjøpe lotto for no har eg faste tal som eg bruker. Og hadde eg slutta så hadde det jammen vore trist dersom dei plutselig trakk mine tal.

Anyways, ha ein fin søndagskveld folkens!

fredag 9. januar 2009

Menn som hater kvinner, trailer

Eg har nett sett traileren på filmen "Menn Som Hater Kvinner" og eg gleder meg til den kjem på kino! Premieredatoen her til lands er 13. mars så det er jo ikkje så alt for lange til heller. Stieg Larsson har skreve ei fantastisk bok, så eg håper filmen klarer å leve opp til boka. Sjølv om eg veit at filmer skjelden er like bra som bøkene.

Her har du iallefall traileren, enjoy:

torsdag 8. januar 2009

Han snakket aldri om magi, og når han gjorde det var det som en historietime og ingen orket å høre på ham.

Eg liiiiker Jonathan Strange og herr Norrell <3

Eit sitat fra boka:

Kan en magiker drepe et menneske med magi? spurte Lord Wellington. Strange lot til å mislike spørsmålet. "En magiker kan nok det", medga han, "men en gentleman kunne aldri gjøre det."


Har du lest noken bra bøker i det siste?

onsdag 7. januar 2009

Det er kaldt ute

Når eg tenker akkurat den setningen, så er det alltid ein spesiell sang som dukker opp:

Baby Its Cold Outside med Doris Day & Bing Crosby



Eg blir blir alltid glad av å høyre denne sangen, love it! Og, det er ganske kaldt for tida. Brrrr.

Eg har forresten fått melding frå lånekassen om at lånet kjem på konto om ein til to dager. Endeleg seier berre eg, kontoen min har vore så og sei tom siden 4. juledag.

Jonathan Strange & herr Norrell

No har eg endeleg begynt å lese Jonathan Strange og herr Norrell igjen. Det er ei ganske langdryg bok, så etter å ha komme halvvegs for ei god stund tilbake har eg endeleg begynt å lese den igjen istaden for å berre skjule bort på boka. Boka hadde ein veldig spennande utsjånad, og når eg las på baksida at den handla om magikarar i England bestemte eg meg fort for å kjøpe den. Tenk om den hadde vore Harry Potter for vaksne, tenkte eg. Så no får eg sjå korleis det går med lesinga av boka denne gangen, eg har ikkje så mykje igjen så det blir spennande å sjå om magien faktisk kjem tilbake til England eller ikkje.

Herr Norrell virker forresten som ein ufordragelig skrue, hadde eg levd i England på den tida så hadde eg nok, som mange andre (i boka) tatt parti med Strange. Men eg bør vel ikkje sei så mykje om dette dersom det er nokon som ikkje har lese denne boka endå.

Men når det eg sagt, eg trur ikkje eg har vore den mest engasjerte lesaren heller. Eg har lyst til å lese boka om att, eg skal berre bli ferdig med dei siste 100 sidene først.

måndag 5. januar 2009

Vakre Russiske Damer?

Kva skjer med reklamen min? "Vakre Russiske Damer" og "Single Kvinner" er nokre av annonsene som er blitt plassert på bloggen min for tida, herremin! Kva får google til å tru at eg vil ha reklame for noko slikt på bloggen min? Det er vel på grunn av musikkvideoen som eg har lagt ut her, men likevel.

Kva skal eg gjere for å få andre typer annonser inn på bloggen min tru?

Sløve dagar

Eg har ferie fram til neste mandag og eg merker at eg vert sølvare og sløvare for kvar dag som går. Eg søv til 12 kvar dag og gjer ikkje så mykje spennande lenger, jula er over og folk flest er tilbake på jobb eller skule. No gleder eg meg veldig til å reise tilbake til Sogndal igjen og møte igjen alle kjende, eg merker at eg saknar gjengen no. Og no har eg berre eit halvt år igjen i Sogndal, det er heilt utruleg kor fort det har gått. Eg lurer på kvar eg er om eit år igjen, akkurat no så er alt veldig usikkert så kva som skjer etter eg har tatt bachlorgraden vil berre tida vise.

I dag har eg lese om att juleheftet til Rex Rudi, ein genial tegneserie. Det er eit par striper eg ikkje skjønner, men då berre tenker eg for meg sjølv at dette sikkert er gutehumor, så då er det jo ikkje så rart at eg ikkje forstår det likevel.

søndag 4. januar 2009

Peter Stormare tilbake til Prison Break?

I følge expressen.se vurderer manusforfattarane av Prison Break å la John Abruzzi gjennoppstå frå dei døde. Eg håper verkeleg at dette stemmer! Han var utan tvil min absolutte favoritt i Prison Break, så om dette skjer vert eg overlykkelig. Peter Stormare er jo ein utruleg bra skodespelar, dette hadde blitt himmelen for meg.

Stormare har sagt at manuset må vere veeeldig bra for at han skal takke ja til dette.

Håper, håper, håååper at dette faktisk blir noko av! :D

laurdag 3. januar 2009

Nytt år, nye muligheter

Ja, då var det nye året i full gang og eg har verkeleg trua på dette året!

I 2009 skal eg:

- Trene 3 gonger i veka (eller meir)
- Ete sunnare
- Jobbe godt med skulearbeid
- Reise til eit land eg ikkje har vore i før
- Få bachlorgraden min
- Gå på mange teaterforestillinger
- Lese dei 2 siste bøkene i Millennium serien og gjerne andre bra bøker
- Gå på mange bra konsertar
- Sjå mange bra filmar, og sikkert fleire dårlige
- Finne på mykje moro med sheepsa mine, og mange andre ;)