søndag 11. januar 2009

Back in Sogndal

Sånn, då er eg tilbake i Sogndal etter 4 veker heime i Guddal. Merka at det var godt å komme tilbake og det var kjekt å treffe folk igjen. Det vart ein tur på heimen og vidare derifrå til Meieriet i går kveld. Og av ein eller anna merkeleg grunn var Diana og eg omtrent dei første som kom på Meieriet (klokka var halv 12). Men vi hadde det kjekt likevel, og det tok ikkje så lang tid før det begynte å strømme på med folk, men vi hadde bord. HAH!

Ellers har søndagen gått med på å begynne å lese den andre boka til Stieg Larsson, "Jenta som lekte med ilden" den virker spennande så langt, så det lover godt. Eg sitter for øyeblikket og skjuler bort på (den fine nye røde) kofferten min og vurderer å faktisk begynne å pakke ut. Siden den nye kofferten er større enn den gamle eg hadde så har eg tatt med meg endå meir kle, så skapet mitt kjem nok til å bli stappa. Skulle ønske eg hadde eit walk in closet, eit som er heilt likt det Carrie har i Sex and the City filmen. Det hadde vore fantastisk det! Men eg hadde blitt fornøgd med dette:










Ja, den som hadde vert rik, eg vant ikkje på lotto i går heller. Det er jo utgjort og, men eg klarer ikkje å la vere å kjøpe lotto for no har eg faste tal som eg bruker. Og hadde eg slutta så hadde det jammen vore trist dersom dei plutselig trakk mine tal.

Anyways, ha ein fin søndagskveld folkens!

6 kommentarer:

  1. Velkomen tilbake! :) Jatakk til Walk-in-closet! Det blir førsteprioritet når eg skal bygge meg hus! :D

    SvarSlett
  2. takk for det du, og velkommen tilbake sjøl ;)

    SvarSlett
  3. Yay endelig back in Sogndal. Lucky ducky!!
    Må si meg enig i at et slik closet hadde vært nydelig!!! Helst fylt med alle merke tingene hennes også *heaven*

    SvarSlett
  4. har alltid ønsket meg et slikt "skap" selv !!:D

    om jeg skulle vært så heldig å få et hadde neste ønske vært;
    FLERE KLÆR!

    :p

    SvarSlett