fredag 23. januar 2009

Helg!

Hurra, no er det helg! Ikkje det at eg har hatt ei travel veke eller noko, men helg er alltid kjekt! Eg har det jo ikkje akkurat travelt på skulen no for tida. Det eine faget som eg skal ha undervisning i dette halvåret begynner ikkje før 9.februar, og eg har endå ikkje fått svar på om problemstillinga til bacheloroppgåva er godkjent. Så då er det ikkje så mykje anna å gjere enn å vente.

I dag var eg så flink at eg gjekk på spinning2 og etter det trena eg i ein halvtime på styrkerommet. Eg er godt nøgd. Eg trur dette må gjerast kvar fredag slik at eg blir ferdig med treninga tidleg på dagen, så slepp eg å stresse med det.

Seinare i dag skal eg på VEKA-funksjonær møte på meieriet, håper verkeleg at eg er blitt sett opp som vakt så eg slepp å stå i bar. Det er så oye bale å stå i bar når det er mange folk ute, eg vert berre stressa av slikt. Men etter funksjonærmøtet vert det quiz, og det har eg gleda meg til lenge. Eg har ikkje vore på quiz siden før juleferien, sist fredag var det jo årsfest. Og på laurdag vert det først shopping og så ein tur ut på meieriet litt seinare på kvelden. Ahh, i love the weekends!

Ha ei flott helg, sweethearts <3

5 kommentarer:

  1. Håper dere vinner på Quiz i kveld da:) Ha en flotters helg Karoline :)

    SvarSlett
  2. flink som greier vedlikeholde trening på vinteren!!

    SvarSlett