onsdag 7. januar 2009

Jonathan Strange & herr Norrell

No har eg endeleg begynt å lese Jonathan Strange og herr Norrell igjen. Det er ei ganske langdryg bok, så etter å ha komme halvvegs for ei god stund tilbake har eg endeleg begynt å lese den igjen istaden for å berre skjule bort på boka. Boka hadde ein veldig spennande utsjånad, og når eg las på baksida at den handla om magikarar i England bestemte eg meg fort for å kjøpe den. Tenk om den hadde vore Harry Potter for vaksne, tenkte eg. Så no får eg sjå korleis det går med lesinga av boka denne gangen, eg har ikkje så mykje igjen så det blir spennande å sjå om magien faktisk kjem tilbake til England eller ikkje.

Herr Norrell virker forresten som ein ufordragelig skrue, hadde eg levd i England på den tida så hadde eg nok, som mange andre (i boka) tatt parti med Strange. Men eg bør vel ikkje sei så mykje om dette dersom det er nokon som ikkje har lese denne boka endå.

Men når det eg sagt, eg trur ikkje eg har vore den mest engasjerte lesaren heller. Eg har lyst til å lese boka om att, eg skal berre bli ferdig med dei siste 100 sidene først.

2 kommentarer:

  1. Ekje denna boka litt morsom innimellom.
    Synest å hugse at når du leste, så begynte du avogtil å skratt le!! :) E da ei bok du kan annbefalle?

    SvarSlett
  2. jo det er ein del ufattelig morsome kommentarar og hendelser.. og eg er jo veldig flink til å sjå føre meg korleis det utartar seg, så då skjer det jo at eg knekker ut i ei latterkrampe :D

    SvarSlett