fredag 20. februar 2009

VEKA 09, Dag 3: Marit Larsen er sååååå søt!

I går var vi på konsert med Eva & the heartmaker og Marit Larsen. Eva & the heartmaker var heilt ok, men det var då Marit Larsen entra scena at stemninga steig. Det var ein veldig fin konsert og alt med Marit Larsen er jo berre søtt. Eg kosa meg i alle fall masse i går kveld! :D

torsdag 19. februar 2009

Chirag og meg ;)

Må berre legge ut bilde av Chirag fra Karpe Diem og meg. Må jo nesten skryte litt, er jo ikkje kvar dag ein møter på Karpe ;)

VEKA 09, Dag 2: Jarle Bernhoft imponerte!

Dag 2 under VEKA fekk Meieriet besøk av Jarle Bernhoft, ein artist som få hadde høyrt om. Det vi viste om han var at han tidlegare hadde vore artist i bandet Span, men at han no hadde gått over til soul. Eg veit at eg personleg ikkje hadde gått på denne konserten om det ikkje hadde vore for at alle som hadde VEKA-klede på seg kom inn gratis. Takk og pris for at eg gjekk på konserten! Eg hadde ingen forventningar, men Bernhoft imponerte stort. Han sjarmerte publikum (iallefall meg) med morsome historiar bak songane han spelte. Det var ein bra kveld på meieriet med ei koselig og avslappa stemning. Eg skulle ønske han aldri slutta å spele den kvelden.

onsdag 18. februar 2009

VEKA 09, Dag 1: På nach med Karpe Diem

Dei neste to vekene kjem eg nok til å blogge ein del om VEKA09, ikkje så rart eigentleg sidan det er det einaste dei neste to vekene kjem til å handle om for meg. Gløym forelesningar, arbeisdakrav og bacheloroppgåver, no er det VEKA 09 for alle penga!

I går var det opningsdagen for VEKA, og alt starta på ekspressbåtkaia klokka 15.00, der vekasjef, direktøren i SISOF, Birgitte Kristin og ein kar hoppa i sjøen for å markere starten på VEKA 09.

Klokka 20.00 var det duka for revyen "Studentar på melkeveien". Forventninga til revyen var stor, og revygjengen skuffa ikkje. Det var storslagent show frå byrjing til slutt, rett og slett imponerande!

Seinare på kvelden var det klart for VEKA sin første konsert, Karpe Diem. Dei var veldig flinke til å få med seg publikum, og det vart svært god stemning på tanken. Då konserten var over vart det nach backstage med Karpe, noko som også vart svææært så vellukka. Kven skulle tru at desse folka var så jordnære og enkle å prate med?

Eg må berre til slutt sei at eg faktisk ikkje kunne bedt om noko meir på denne vekaopninga, den var rett og slett komplett! Ahhh! GOD STEMNING (som vekasjefen seier)!

SMASK <3

måndag 16. februar 2009

Appelsiiiin

Eg har fått dilla på appelsin for tida, eg får rett og slett ikkje nok av denne oransje sitrusfrukta. Eg har fått dilla på appelsin i juiceformat og, men ikkje vanleg butikkappelsinjuice, den må vere ferskpressa. Nam, det er så godt! Eg får faktisk vatn i munnen berre av å skrive om det. Appelsin blir forresten dyrka i (blant anna) Latin-Amerika, eg har difor bestemt meg (i dag) for at eg må ta meg ein tur dit. Kanskje det blir ein langvarig tur dit, dersom eg reiser til Cuba for å lære meg spansk. Det hadde vore stas.

Pssst: I morgon starter VEKA09! :D

søndag 15. februar 2009

Opplading til VEKA09

Eg har for første gang sidan jul tatt meg ein tur heim til Guddal i helga, og jammen har det vore ei deilig og avslappa helg. Har eigentleg ikkje gjort på noko, berre ete god mat, spelt spel med familien og snakka om alt og ingenting. Fantastisk om eg får sei da sjølv.


Dette har vore den perfekte oppladinga før VEKA09 braker laus, då blir det ikkje mykje avslapping. Det kjem nok til å bli full rulle i to veker frammover. På tirsdag allerede braker det laus med studentrevy og konsert med Karpe Diem. Hura!

laurdag 14. februar 2009

Eg har kjøpt meg nye sko

Kjøpte dei for 499,- på Eurosko.


Håper eg kan bruke dei under VEKA, dvs. at eg håper det blir lite snø iløpet av dei neste to vekene ;) Har leita etter denne type sko ganske lenge no, så eg syntes det var på tide at eg fant nokon eg likte. Eg gleeeder meg til å bruke dei!



God helg, sweethearts! <3

tysdag 10. februar 2009

VEKA 09




No er det ei veke igjen til VEKA09 begynner her i Sogndal, og eg gleder meg! Det blir årets happening i Sogn og Fjordane og eg er ganske stolt av at eg er ein av vekafunksjonærane i år. Eg ser føre meg at det kjem til å bli veldig mykje moro iløpet av VEKA og eg gleder meg til alle konsertane som eg skal på.

Planen min for VEKA09 er:

- 17. feb. Revy: Studenter på melkeveien
Konsert: Karpe Diem
- 18. feb. Quiz
Konsert: Jarle Bernhoft
- 19. feb. Konsert: Eva & the heartmaker og Marit Larsen
- 20. feb. Quiz
Konsert: Vassendgutane
- 21. feb. Konsert: DDE
- 23. feb. StandUp
- 24. feb. Skidag og Kokken Tor (jobbe)
- 25. feb. Quiz
- 26. feb. Konsert: Low Frequency in Stereo og Tommy Tokyo (jobbe)
- 27. feb. Konsert: Black Debath og DDR (jobbe)
- 28. feb. Konsert: Svenssen og Surferosa
- 7. mars. Konsert: Odd Nordstoga

Eg ser føre meg at det blir ein hektisk periode frammover, men damn, eg gleder meg!

Dersom du vil vete meir om VEKA09 så er det berre å trykke her.

torsdag 5. februar 2009

Lite blogging

Eg bloggar lite for tida, og der er ikkje fordi eg har lite å blogge om, men der er rett og slett fordi det skjer så ekstremt mykje for tida. Denne veka er blant anna fullpakka med mykje moro, man må jo nyte den siste veka før vi begynner med forelesningane på skulen. Så denne veka tar vi den heilt ut.

I går var vi på popquiz og konsert med Bjørn Berge på meieriet. På popquizen kom vi faktisk på 4.plass noko eg trur er mi beste plassering på quiz her i Sogndal. Eg kan ikkje sei eg syns at Bjørn Berge konserten var heilt fantastisk, men han er jo utruleg flink til det han driv med, creds til han. Det er ikkje så ofte eg er på konsert der ein berre sit i ro og høyrer på musikken, eg føretrekk å hoppe rundt og digge musikken. Det var vel i og for seg ei ny oppleving.

I morgon blir det quiz igjen, og etter det rekner eg med at vi blir verande ei stund på meieriet. Eg gleder meg spesielt til laurdag, for då skal vi ha cocktailparty hjå Ruth. Eg trur det vert veldig bra, og då skal eg ha på meg ein av kjolane eg kjøpte meg i Ålesund.

måndag 2. februar 2009

Plan for veka

Denne veka skal eg vere flink til å trene. No har eg skreve det ned, så no må eg. Eg var på spinning og styrketrening idag, og så skal eg på spinning i morgon. På onsdag skal eg ha fri, men på torsdag må eg på spinning og på fredag skal eg enten på spinning eller vekesluttimen. Sånn, eg måtte berre få det ned, for når det er skriftlig så kan eg ikkje skulke ;)
Beklager unødvendig innlegg, tihi :)

Som plaster på såret legg eg ut eit bilde av meg og Line. Her leiker vi hjernedøde (blondiner) :p fekk vi det til? hihi

Bloggurat