torsdag 5. februar 2009

Lite blogging

Eg bloggar lite for tida, og der er ikkje fordi eg har lite å blogge om, men der er rett og slett fordi det skjer så ekstremt mykje for tida. Denne veka er blant anna fullpakka med mykje moro, man må jo nyte den siste veka før vi begynner med forelesningane på skulen. Så denne veka tar vi den heilt ut.

I går var vi på popquiz og konsert med Bjørn Berge på meieriet. På popquizen kom vi faktisk på 4.plass noko eg trur er mi beste plassering på quiz her i Sogndal. Eg kan ikkje sei eg syns at Bjørn Berge konserten var heilt fantastisk, men han er jo utruleg flink til det han driv med, creds til han. Det er ikkje så ofte eg er på konsert der ein berre sit i ro og høyrer på musikken, eg føretrekk å hoppe rundt og digge musikken. Det var vel i og for seg ei ny oppleving.

I morgon blir det quiz igjen, og etter det rekner eg med at vi blir verande ei stund på meieriet. Eg gleder meg spesielt til laurdag, for då skal vi ha cocktailparty hjå Ruth. Eg trur det vert veldig bra, og då skal eg ha på meg ein av kjolane eg kjøpte meg i Ålesund.

1 kommentar: