onsdag 18. februar 2009

VEKA 09, Dag 1: På nach med Karpe Diem

Dei neste to vekene kjem eg nok til å blogge ein del om VEKA09, ikkje så rart eigentleg sidan det er det einaste dei neste to vekene kjem til å handle om for meg. Gløym forelesningar, arbeisdakrav og bacheloroppgåver, no er det VEKA 09 for alle penga!

I går var det opningsdagen for VEKA, og alt starta på ekspressbåtkaia klokka 15.00, der vekasjef, direktøren i SISOF, Birgitte Kristin og ein kar hoppa i sjøen for å markere starten på VEKA 09.

Klokka 20.00 var det duka for revyen "Studentar på melkeveien". Forventninga til revyen var stor, og revygjengen skuffa ikkje. Det var storslagent show frå byrjing til slutt, rett og slett imponerande!

Seinare på kvelden var det klart for VEKA sin første konsert, Karpe Diem. Dei var veldig flinke til å få med seg publikum, og det vart svært god stemning på tanken. Då konserten var over vart det nach backstage med Karpe, noko som også vart svææært så vellukka. Kven skulle tru at desse folka var så jordnære og enkle å prate med?

Eg må berre til slutt sei at eg faktisk ikkje kunne bedt om noko meir på denne vekaopninga, den var rett og slett komplett! Ahhh! GOD STEMNING (som vekasjefen seier)!

SMASK <3

2 kommentarer:

  1. Høres ut som om dåkke har hatt en bra start ja :) Gleda meg til imåra :)

    SvarSlett
  2. jaaa, det var heilt fantastisk!

    SvarSlett