torsdag 19. februar 2009

VEKA 09, Dag 2: Jarle Bernhoft imponerte!

Dag 2 under VEKA fekk Meieriet besøk av Jarle Bernhoft, ein artist som få hadde høyrt om. Det vi viste om han var at han tidlegare hadde vore artist i bandet Span, men at han no hadde gått over til soul. Eg veit at eg personleg ikkje hadde gått på denne konserten om det ikkje hadde vore for at alle som hadde VEKA-klede på seg kom inn gratis. Takk og pris for at eg gjekk på konserten! Eg hadde ingen forventningar, men Bernhoft imponerte stort. Han sjarmerte publikum (iallefall meg) med morsome historiar bak songane han spelte. Det var ein bra kveld på meieriet med ei koselig og avslappa stemning. Eg skulle ønske han aldri slutta å spele den kvelden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar