måndag 30. mars 2009

Meieriet i Sogndal













Eg føler at det er på tide å dedisere eit eige innlegg til Meieriet. Meieriet er vårt flotte studenthus i Sogndal. Eg elskar meieriet, eg elskar å jobbe der, eg elskar å berre vere der, eg elskar å gå på konsertar der, eg elskar å spele spel der, eg elskar å gå på quiz der, eg elskar å gå på bingo der. Meieriet er rett og slett fantastisk! <3

tysdag 17. mars 2009

Eg treng hjelp

Neste tirsdag skal det vere aktiv medlemsfest på Meieriet der vi skal kle oss ut som noko på forbokstaven vår, eg skal altså kle meg ut som noko som byrjar på K. Er det nokon som har tips til meg om kva eg kan kle meg ut som? Eg tar imot alle forslag med opne armar.

Eg har for tida fått sansen for The Coral, og spesielt sangane "In the Morning" og "Dreaming Of You". Det er noken av sangane eg får vårstemning av for tida, eg elsker å ha vårstemning!

søndag 15. mars 2009

Menn som hater kvinner

Då har eg endeleg fått sett filmen som eg har gleda meg til i lang tid, "Menn som hater kvinner", basert på romanen med same navn av Stieg Larsson. Boka var bra og utruleg nok så likte eg filmen og. Det er ein skjeldenhet at eg faktisk tykkjer filmane er bra dersom eg har lese boka før og i tillegg likt den godt.

Det var ein ting som skuffa meg allerede første gong eg fekk vete kven som skulle spele Kalle Blomkvist, det var at han var langt ifrå så kjekk som eg hadde sett føre meg då eg las boka. Eg var heller ikkje særleg begeistra over korleis Lisbeth Salander såg ut. Men då eg var på kinoen og såg filmen gjorde ikkje dette noko som helst. Etter kvart så følte eg at skodespelarane passa bra i rollene. Spesielt Noomi Rapace, ho spelte ein meget truverdig Lisbeth Salander. Eg vil anbefale alle å sjå denne filmen, eg merka ikkje ein gong at den varte lenge, for den varer faktisk i 2 timar og 30 minutt.

torsdag 12. mars 2009

Spotify er ganske genialt!

For nokre veker sidan fekk eg ein invitasjon av Diana til å teste ut Spotify. Eg hadde aldri høyrt om programmet før, men ho skrytte veldig av det så eg tenkte at eg kunne teste det ut. Det angrer eg ikkje eit sekund på no! Det er eit musikksteamingsprogram som gjev oss mulighet til å høyre på myyyykje forskjellig musikk som dei har å tilby. Vi kan velge i utruleg mange sangar og artistar og lage eigne spelelister. Og det beste av alt, det er gratis! (så lenge du får tak i ein invitasjon då). Perfekt! Anbefalast på det sterkaste! (dersom det fremdeles er folk der ute som ikkje har programmet då)

måndag 9. mars 2009

Drillo isen kjem tilbake!

Hurra! No kjem Drillo isen tilbake! Det blir muligens med nytt navn og design, men innholdet blir det samme. Eg gleder meg allerede, dette blir stas. Eg har verkeleg savne denne isen, den smaker jo heilt fantastisk. Naaaaaaam!

Ein anna nyhet er at eg endeleg har fått somla meg til å gå til legen, og han kunne informere meg om at eg har fått bronkitt. Så no blir det pencilin kur på meg i ei veke frammover, sukk. Men godt at eg endeleg har funne ut kva som feiler meg.

laurdag 7. mars 2009

Happy

Fikk vete i dag at Thor Kristian har sett meg opp på gjestelista på Odd Nordstoga i kveld! Hurraa!! Då var det jo ikkje så gale at eg mista billetten min likevel. Eg kan vel sei at eg mildt sagt vart glad når eg såg det, så målet mitt for dagen er å bli i såpass form at eg klarer å holde ut Odd Nordstoga konserten før eg går heim for å sove av meg feberen igjen. Akk, kvifor må eg vere sjuk no?? Typisk altså!

onsdag 4. mars 2009

Eg er litt lei meg

Fordi eg har prestert det mesterverk å miste Odd Nordstoga billetten min. Pluss at eg har feber, vond hoste og ekstrem haueverk.. VEKA har vist tatt på.

Men så er eg glad og, for eg fikk pakke i posten av tante Johanna i går. og oppi der fant eg eit par tøfler og 3(!!) pannebånd. Alt dette hadde ho laga til med, gu kor snill tante Johanna er! :D