søndag 15. mars 2009

Menn som hater kvinner

Då har eg endeleg fått sett filmen som eg har gleda meg til i lang tid, "Menn som hater kvinner", basert på romanen med same navn av Stieg Larsson. Boka var bra og utruleg nok så likte eg filmen og. Det er ein skjeldenhet at eg faktisk tykkjer filmane er bra dersom eg har lese boka før og i tillegg likt den godt.

Det var ein ting som skuffa meg allerede første gong eg fekk vete kven som skulle spele Kalle Blomkvist, det var at han var langt ifrå så kjekk som eg hadde sett føre meg då eg las boka. Eg var heller ikkje særleg begeistra over korleis Lisbeth Salander såg ut. Men då eg var på kinoen og såg filmen gjorde ikkje dette noko som helst. Etter kvart så følte eg at skodespelarane passa bra i rollene. Spesielt Noomi Rapace, ho spelte ein meget truverdig Lisbeth Salander. Eg vil anbefale alle å sjå denne filmen, eg merka ikkje ein gong at den varte lenge, for den varer faktisk i 2 timar og 30 minutt.

10 kommentarer:

  1. i loved it ☺ og kalle-jævla-blomquist (kvist?) var faktisk litt kjekk etterhvert ☺

    SvarSlett
  2. åh, må få sett den mens den går på kino :) blir for lenge å vente til den kjem på dvd!

    SvarSlett
  3. Karina: ja, han blei litt kjekk etter kvart, men berre litt.
    Henriette: Ja, det må du gjere!

    SvarSlett
  4. Jeg har så sinnsykt lyst og se den filmen, boken var jo rett og slett genial! :D

    SvarSlett
  5. oohhh...fancy pancy layout :D

    SvarSlett
  6. Sunniva: Ja, du MÅ sjå den! Likte du boka, så liker du nok filmen og :)
    Karina: tænk ju :D

    SvarSlett
  7. Etter å ha skynda meg å lese ferdig boka eg lånte av deg(den ska du få tilbake snart;) ), såg eg filmen idag!! va bra, men eg må seie at eg vart litt irritert på enkelte punkt når dei forandra på mange detalja.. men men, må ein vel rekne me når ein filmatisera bøke..

    SvarSlett
  8. Må få sett denne snart tror jeg, er så mange som snakker mye bra om den :D

    SvarSlett