torsdag 30. april 2009

Litt nytt om meg

Halla folks! :D

Er igjen ei stund sidan eg har skreve eit innlegg med meir enn 30 ord, så fant ut at det var på tide med ei lita oppdatering. Det er eigentleg ikkje så mykje nytt å fortelje, mesteparten av tida mi har dei siste dagane gått med på å jobbe med bacheloren, syte over bacheloren, jobbe med blåturen og bestemme meg for om eg skulle stille som kanditat til styret eller ikkje.

På mandag bestemte eg meg for at eg skulle stille som motkandidat til stillinga som informasjonsansvarleg i styret til SIS (eg har ikkje nemnt dette i bloggen i frykt for å jinxe det). Dette medførte mykje grubling over korleis det skulle gå og om eg hadde gjort det rette valget. Ikkje minst grua eg meg voldsomt til å stå på scena, presentere meg sjølv og sei kvifor folk skulle stemme på meg. Eg vil påstå at det eg gjorde på generalforsamlinga er noko av det skumlaste eg har vore med på, eg har faktisk aldri før snakka på ei scene med så mange tilstades. Det var godt når eg var ferdig å prate og avstemninga kunne begynne, det var først då eg endeleg kunne slappe av. Valet vart spennande og dette er faktisk første gang eg har blitt lei av å høyre mitt eige navn. Meeen, alt gjekk bra og eg fekk jobben som informasjonsansvarleg. Wohooo! Stillinga i styret vert ei stor utfordring men eg gler meg til å byrje og eg har trua på at styret vert ein bra gjeng!

Ellers gler eg meg stoooort til blåturen til Meieriet imorgon, det vert ein tur vi aldri kjem til å gløyme :D

Bloggast ;)

måndag 27. april 2009

Karoline frå A til Å

Ser at ein av dei store trendane innan blogging er å ta føre seg ein bokstav for veka og legge ut nokre bilete av noko som kan relaterast til deg. Eg har funne ut at eg og vil slenge meg på denne trenden, så har eg noko å blogge om dersom eg skulle risikere å få bloggesperre igjen.

søndag 26. april 2009

På besøk hjå Gjest


Det er viktig å besøke gjest ein gong i blant når du bur i sogndal.

onsdag 22. april 2009

Is må man ha


Når man jobber med bachelor er det viktig å kunne ta seg nokre avbrekk. Idag tok vi avbrekk med kuleis. Eg åt sjokoladeis og vanilje/lakris is. Eg trur at vanilje/lakris er den beste smakskombinasjonen på is nokon sinne, nam!

tysdag 21. april 2009

Happy på kamp


Sogndal kampen idag var stas, Sogndal vant 1-0 over HamKam! Yaaaay, 3 poeng til Sogndal! På bildet har vi ein fokusert Thor Kristian, du kan også sjå at Maria og Karina har det ganke så kjekt på kamp. Det var stas på kamp i dag sjølv om det vart i kaldaste laget på slutten. Etter kampen fekk eg melding av Stine Iren om at eg var linselus, så eg har tydeligvis vore på nrk2, får meg nok ein fanklub snart no jaa.

Pakker i posten


I dag kom eg heim til to pakker i posten. Eg fekk id kosten min som eg kjøpte på ebay, og så fekk eg prøvene eg hadde bestilt frå everyday minerals. Yay!

Seinare i kveld skal eg på fotballkamp, eg skal sjå Sogndal - HamKam. Heia Sogndal! Kampen skal visast på nrk2 idag så alle kan få den med seg.

Bloggast!

Bakkelor og sånt


Nok ein dag med bachelor jobbing er over. Vi har no begynt å telle ned dagane til oppgåva skal leverast og sommarferien startar. Det er no 51 dagar igjen. Fantastisk! I dag var eg på kikkboxing for første gang, det var drit kjekt og veldig god trening, så dette må eg gjere igjen neste veke. Eg har ellers prestert å skaffe meg eit nydelig solbrillemerke etter litt for mykje soling. Stas.

Sorry for at eg er så treig med å blogge for tida, men det er rett og slett fordi eg alltid gløymer å ta bilde og eg veit at blogginnlegg uten bilder er kjeisamt. Det var mi dårlige unnskyldning, eg skal skjerpe meg. Eg lova!

måndag 13. april 2009

Litt shopping på ebay

Eg dreiv og sminka meg her ein dag og skulle prøve ut ein teknikk som Hilde Christina hadde vist i eit how-to innlegg. Vel, eg fant fort ut at eg absolutt ikkje hadde det utstyret eg hadde bruk for for å få til dette. Eg hadde berre to forskjellige kostar, jepp, TO. Eg fant difor ut at eg hadde eit stort behov for kostar og gjekk rett inn på Ebay for å finne ut kva dei hadde å tilby der.

Til slutt fant eg eit sett med 18 kostar som eg bestemte meg for å kjøpe. Eg kjem nok ikkje til å få bruk for alle kostane, men prisen var ikkje så ille. Eg fekk kostane inkludert shipping til under 200-lappen.
Eg vart ganske reven med når eg dreiv på å by på dette kostesettet, så eg bestemte meg for å sjekke prisar på handy buki brushen til ID. Etter ei stund hadde eg kjøpt meg ein.

Ebay er farlig. Men eg måtte jo skaffe meg desse kostane ein gong uansett då ;)

onsdag 8. april 2009

Nytt armbånd


Eg var så heldig at eg fekk meg eit nydelig armbånd av tante Kari når ho var her. Eg vil og lage sånne armbånd, dette er det Line som har laga. Eg blei kjempe glad for det, det kjem nok til å bli brukt ein del.

fredag 3. april 2009

Aktiv medlemsfest på Meieriet

Her kjem litt forsinka bilete frå aktiv medlemsfesten på Meieriet. Etter å ha gått gjenom mange gode og ein del spesielle forslag fant eg til slutt ut at eg skulle kle meg ut som kunstnar.


Her driv Rosa Lurkis (Ruth Linda) på med å fikse håret til Sofagris (Stine).


Det måtte ein kunstnar til for at Katten (Katarina) skulle bli rosa på snuten.


Her har vi Juletreet (Jeanett?) som vant prisen for beste kostyme. Vi gjekk forresten rundt Juletreet til julesangen "all i want for christmas is you". Fantastisk! Det vart ein svært vellukka kveld.