torsdag 30. april 2009

Litt nytt om meg

Halla folks! :D

Er igjen ei stund sidan eg har skreve eit innlegg med meir enn 30 ord, så fant ut at det var på tide med ei lita oppdatering. Det er eigentleg ikkje så mykje nytt å fortelje, mesteparten av tida mi har dei siste dagane gått med på å jobbe med bacheloren, syte over bacheloren, jobbe med blåturen og bestemme meg for om eg skulle stille som kanditat til styret eller ikkje.

På mandag bestemte eg meg for at eg skulle stille som motkandidat til stillinga som informasjonsansvarleg i styret til SIS (eg har ikkje nemnt dette i bloggen i frykt for å jinxe det). Dette medførte mykje grubling over korleis det skulle gå og om eg hadde gjort det rette valget. Ikkje minst grua eg meg voldsomt til å stå på scena, presentere meg sjølv og sei kvifor folk skulle stemme på meg. Eg vil påstå at det eg gjorde på generalforsamlinga er noko av det skumlaste eg har vore med på, eg har faktisk aldri før snakka på ei scene med så mange tilstades. Det var godt når eg var ferdig å prate og avstemninga kunne begynne, det var først då eg endeleg kunne slappe av. Valet vart spennande og dette er faktisk første gang eg har blitt lei av å høyre mitt eige navn. Meeen, alt gjekk bra og eg fekk jobben som informasjonsansvarleg. Wohooo! Stillinga i styret vert ei stor utfordring men eg gler meg til å byrje og eg har trua på at styret vert ein bra gjeng!

Ellers gler eg meg stoooort til blåturen til Meieriet imorgon, det vert ein tur vi aldri kjem til å gløyme :D

Bloggast ;)

4 kommentarer:

  1. Hurra for Karoline i styret og blåtur :D :D :D

    SvarSlett
  2. Gratulere so masse :) Kos dåkke på blåtur! :)

    SvarSlett
  3. 90 mot 9 stemmer...i say no more

    SvarSlett