måndag 25. mai 2009

Mitt alfabet: D

D er den neste bokstaven i serien om mitt alfabet.

Fun Facts
D er det fjerde bokstaven i det latinske alfabetet. Den tilhører den gruppen bokstaver vi kaller konsonantar.

D for Don't Stop Me Now


Queen sin fantastiske sang som eg alltid blir i godt humør av!

D for Davida
Snille mammaen min som eg e so glaaa i :D


D for Daddel (ja eg er tom for idear)









Daddel er en gammel kulturplante og kommer opprinnelig fra India der den ble dyrket for over 8000 år siden. I dag dyrkes det mest dadler i Nord-Afrika og i Midtøsten. Frukten vokser på palmer, der dadlene henger under palmebladene i store klaser. Hver klase kan inneholde mer enn 2000 dadler. Daddel er en steinfrukt, med en avlang hard kjerne. Frukten er oval i formen og ca 3-5 cm lang. Skallet er tynt og sprøtt, blankt og brunt i fargen, og kan spises. Selve fruktkjøttet er gulbrunt og smaker søtt. Daddel spises både fersk og tørket, men det meste som selges i Norge er tørket. På grunn av høyt sukkerinnhold vil daddel ofte være klebrig. (frukt.no)
Daddlar blir kjøpt inn i til kvar jul hjå familien Kalstad.

Bloggast!

Vi liiiiiker Gjest!


Vi måtte nok ein gong ta turen til Gjest på laurdag. Eg kan ikkje hjelpe for det, men eg liiiiiker verkeleg Gjest! Og det er jo viktig å vise at man setter pris på folk/ting;)

fredag 15. mai 2009

Eventyret om seljefløytene i Solvorn

Det var ein gong fire studentar som var samla etter ein lang dag på skulen. Maria, Thor Kristian, Yngvild og Karoline satt på meieriet og kosa seg med kaffi og kortspel då dei plutselig fant ut at dei ville lage seg seljefløyter, så det var ikkje anna råd enn å leite etter knivar og bil og legge ut på eventyr. Dei fant bil og fekk med seg eventyraren Trond i samme slengen, kven kan vel motstå ein tur i skogen for å lage seljefløyte? Dei sette seg glade og nøgde inn i bilen, klare for å gjere noko dei ikkje hadde gjort sidan dei var barn.Turen gjekk etter litt om og men til Solvorn i Luster kommune, ei fin lita bygd der blant anna den meir eller mindre kjende Eple held til. Eventyrarane parkerte bilen på ein parkeringsplass med kaia for å fortsette turen til fots og tilfeldigheitene førte dei til ein tursti i retning Legene. Langt om lenge og lenge om langt klarte dei fem eventyrarane å finne eit seljetre så fagert og så glatt som dei aldri før hadde sett maken til.
-"Sjå her!" sa Thor Kristian lukkeleg, -"her har vi jo treet som vi har leita så lenge etter!"
-"Hurra!" ropte Maria, ein kunne svakt skimte ei gledeståre i augekroken.
Yngvild rakte roleg, men bestemt fram den gyldne saga slik at Thor Kristian forsiktig kunne få ned seljetreet utan å skade det for mykje. Alle var nervøse i det han sette i gang med saginga og Karoline stod heile tida i nærleiken for å passe på at treet ikkje gjekk i bakken med eit smell. Dei var klar over at det var vårens finaste selje som stod på spel. Selja kom seg fint ned, og landa mjukt i armane på Karoline, det var ingen tvil om at Thor Kristian og Karoline hadde gjort dette før.

Då alle hadde beundra den vakre selja ei stund beslutta dei at tida var inne for å lage fløyter, det var ei kjend sak at ein ikkje kunne vente for lenge, alle hadde jo høyrt om tørkeforbannelsen som kvilte over kvart einaste seljetre i heile Solvorn. Dei viste at dersom dei lot selja ligge i over ein time ville den komme til å tørke inn, og all musikk som den ein gong hadde i seg ville vere tapt for alltid. Difor sette dei i gang den edle kunsten med å spikke seg kvar si unike seljefløyte. Det var store utfordringar for eventyrarane, dette var fyrste gong alle dei fem eventyrarane skulle utføre eit slikt edelt oppdrag utan mentorar til stades. Alt ansvar for å gjennomføre dette kvilte på deira skuldre.

Etter ein del prøving og feiling var det eventyraren Trond som fyrst klarde å spikke ei fløyte som laga ein lyd som var vakrare og villare enn dei hadde høyrt på mange år. Dette var lyden av ekte natur. Ein kunne høyre selja rope til rota der den tidlegare hadde holdt til, no var ho heime, den hadde komme til den andre sida, selja kunne endeleg lage dei lydane som den alltid hadde drøymt om. Eventyrarane vart rørde og gledestårene pressa på då dei såg korleis Trond og seljefløyta blomstra saman. Etter ei kort stund kunne ein høyra musikken frå fem forskjellige seljefløyter, og alle eventyrarane levde i lukkerus saman med seljefløytene i alle sine dagar.

Det har seinare blitt fortalt at når våren set i gang og seljene er på sitt vakraste kan ein framleis høyre lyden av dei fem seljefløytene som vart laga av eventyrarane frå Sogndal.

tysdag 12. mai 2009

Mitt alfabet: C

Neste bokstav i serien om mitt alfabet er C.

Fun Facts
C
er den tredje bokstaven i det latinske alfabetet. Den tilhøyrer den gruppa av bokstavar vi kallar konsenantar. For seg sjølv uttalast den som «se».

C for ComeBack isen











Før var navnet Drillo-is, no heiter isen ComeBack og smaker akkurat det samme, om ikkje betre enn den gjorde i gamle dagar. Eg kan vel mildt sagt sei at eg har blitt ein smule avhengig av denne isen. Berre domt at isen er så dyr, 17,50 er i meste laget, men må man, så må man.

C for Creedence Clearwater Revival








Eller berre CCR som eg liker å sei får å sleppe å uttale det lange navnet. Dette er eit av dei banda eg høyrer mykje på, absolutt musikk for mine øyre!

C for Cocktails










Vi har hatt nokre få cocktailpartys i Sogndal, men skulle gjerne hatt fleire! Cocktails er godt, namnamnam!

Stay tuned for bokstaven D i neste episode av Mitt alfabet.

måndag 11. mai 2009

Ny veke

Eg må sei at det var hardt å møte mandagen etter ei helg med full fart, men det har vore ein fin dag. Eg starta dagen med bachelorering på kulturhuset, men etter nokre timar forflytta eg meg til Meieriet for å ha opplæring på kontoret. Så i dag lærte Ingve meg mellom anna korleis ein opnar huset, korleis ein sel billettar og korleis ein bruker LinTicket. Spørsmålet er vel om eg kjem til å hugse alt til den gongen eg skal ta det i bruk sjølv.
Etter kontordagen hadde vi møte med 17.mai kommitèen der vi planla leiker og mykje moro som skal skje, eg gleeer meg til 17.mai! Så no sitt eg på labben og er klar for å leike litt.

Konklusjon: Bra dag!

søndag 10. mai 2009

Mitt alfabet: B

Neste bokstav ut i mitt alfabet er B.

B for Bachelor
Det som mesteparten av tida mi går til no er bacheloroppgåva som skal leverast inn i juni. Det er mykje å gjere innan den skal leverast så det kjem til å bli lange dagar frammover no.

B for Buzz







Buzz er kjekt, og eg liker spesielt Buzz filmquiz. Eg har vel omtrent alle buzz-spela men eg har på eit merkeleg vis prestert å miste buzz filmquiz, skal sei det er utgjort!

B for Big Bang












Eg liiiker musikken til Big Bang! Eg var på konsert med dei i april og dei levde absolutt opp til forventningane eg hadde til dei som liveband.

B for Bar- og Vaktgjengen på Meieriet










Eg byrja å jobbe i bar- og vaktgjengen på Meieriet i år og det har eg absolutt ikkje angra på, ein flott plass å jobbe!

onsdag 6. mai 2009

Ludo er kjekt!


Nok ein kveld på meieriet og det er gruble og ludo det går i. Her sitt Synne og Ruth og speler om kven som får andre og tredje plass. I går var vi på funksjonærfest på meieriet og kvelden varte litt lenger enn først planlagt, men tida går fort når ein byrjar med rockeringen.

I dag har eg hatt ein lang dag med arbeidskrav, forelesing, bachelor og styremøte.
Eg har merka meg at eg liker å ha det litt travelt. På styremøtet fekk eg den etterlangta gevinsten min som eg vant i Tanken Radioen for to veker sidan, eg vant ein TSOOL cd og ein pakke med kinderegg! Wohooo!

Bloggast!

måndag 4. mai 2009

Mandag, utan tvil

I dag har eg hatt ein typisk mandag. Eg måtte dra meg opp av senga, syntes det var tiltak å ta sekken min på ryggen for å gå på skulen og har jobba minimalt sjølv om eg var på skulen frå 11 til 17. Eg er ikkje spesielt glad i mandagar og denne mandagen var intet untak. Men sjølv om eg har vore lite effektiv idag så har eg hatt det kjekt, eg har lese bloggar, kommentert bloggar, tvinga folk til å kommentere på bloggen min (Karina, Maria og Ruth!), tatt mange testar (med idiotiske resultat) på start.no, drukke milkshake (som forøvrig ikkje var så god), hengt på Meieriet, spelt gruble, lurt den norste sjømanskirke til å tru at eg er Ruth, feira bursdagen til Stine Iren med mange gode kaker og både høyrt og delt sladder. Når at kjem til stykket så har ikkje dagen vore så verst likevel.

Hurra for Stini!

søndag 3. mai 2009

Mitt alfabet: A

Dette blir mitt første innlegg om mitt alfabet, eg startar då logisk nok med A.

A for Alias!









Alias er eit av dei spela eg pleier å spele når eg er på Meieriet, det er eit ganske kjekt spel. I grove trekk så er dette eit ordspel der poenget er å forklare så mange som mulig av ordoppgåvene for den som er på laget ditt før timeglasset vert tomt. Eg anbefaler deg å prøve dette spelet, det er artig!

A for Aerobic!












Aerobic er ei av dei treningsformene eg liker best, og spesielt no som eg har prestert å bli kraftig lei av spinning. Det er mykje kjekkare å hoppe, sprette og danse i takt med musikken istadenfor å sitte på eit sete og trø.

A for Alan Rickman!













Ahh, Alan Rickman! Kva anna kan eg sei om denne skodespelaren enn at han er heilt fantastisk?! Det er spesielt den djupe stemmen hans som først fanga min oppmerksomhet, ein meir sexy stemme skal ein leite lenge etter!

Dette var mine A'ar, eg har sikkert fleire, men dette var dei eg kom på i farten.

laurdag 2. mai 2009

Blåtur med Meieriet

I helga var eg på blåtur med Meieriet, og eg kan endeleg sei at turen gjekk til Førde og til Rica hotell. Det er ikkje lett å halde det hemmeleg så lenge utan å forsnakke seg, og dei som kjenner meg veit at eg er elendig på å lyge. Men turen vart bra, og veiret vart faktisk betre enn vi hadde turt å håpe på. Så med skyfri himmel og 20 grader sette vi kursen mot Førde, dog det vart ein del omvegar for å forvirre folk.

På vegen hadde vi diverse leikar, vi sang også blåtursangen som vi hadde dikta for anledninga. Då vi kom til hotellet i førde forta vi oss med å plassere bagasjen vår på rommet før vi gjekk ned på Laxen for å ete ein fantastisk middag. Derifrå bar det vidare på treskeverket der vi fekk live musikk, stemninga var på topp! Kvelden på tresken vart avslutta med allsang og vi enda med å stå på bord og stolar i ekte meieriet-stil.

Blåturen gjekk strålande og det såg ut til at alle kosa seg! Hurra for det! :D