fredag 15. mai 2009

Eventyret om seljefløytene i Solvorn

Det var ein gong fire studentar som var samla etter ein lang dag på skulen. Maria, Thor Kristian, Yngvild og Karoline satt på meieriet og kosa seg med kaffi og kortspel då dei plutselig fant ut at dei ville lage seg seljefløyter, så det var ikkje anna råd enn å leite etter knivar og bil og legge ut på eventyr. Dei fant bil og fekk med seg eventyraren Trond i samme slengen, kven kan vel motstå ein tur i skogen for å lage seljefløyte? Dei sette seg glade og nøgde inn i bilen, klare for å gjere noko dei ikkje hadde gjort sidan dei var barn.Turen gjekk etter litt om og men til Solvorn i Luster kommune, ei fin lita bygd der blant anna den meir eller mindre kjende Eple held til. Eventyrarane parkerte bilen på ein parkeringsplass med kaia for å fortsette turen til fots og tilfeldigheitene førte dei til ein tursti i retning Legene. Langt om lenge og lenge om langt klarte dei fem eventyrarane å finne eit seljetre så fagert og så glatt som dei aldri før hadde sett maken til.
-"Sjå her!" sa Thor Kristian lukkeleg, -"her har vi jo treet som vi har leita så lenge etter!"
-"Hurra!" ropte Maria, ein kunne svakt skimte ei gledeståre i augekroken.
Yngvild rakte roleg, men bestemt fram den gyldne saga slik at Thor Kristian forsiktig kunne få ned seljetreet utan å skade det for mykje. Alle var nervøse i det han sette i gang med saginga og Karoline stod heile tida i nærleiken for å passe på at treet ikkje gjekk i bakken med eit smell. Dei var klar over at det var vårens finaste selje som stod på spel. Selja kom seg fint ned, og landa mjukt i armane på Karoline, det var ingen tvil om at Thor Kristian og Karoline hadde gjort dette før.

Då alle hadde beundra den vakre selja ei stund beslutta dei at tida var inne for å lage fløyter, det var ei kjend sak at ein ikkje kunne vente for lenge, alle hadde jo høyrt om tørkeforbannelsen som kvilte over kvart einaste seljetre i heile Solvorn. Dei viste at dersom dei lot selja ligge i over ein time ville den komme til å tørke inn, og all musikk som den ein gong hadde i seg ville vere tapt for alltid. Difor sette dei i gang den edle kunsten med å spikke seg kvar si unike seljefløyte. Det var store utfordringar for eventyrarane, dette var fyrste gong alle dei fem eventyrarane skulle utføre eit slikt edelt oppdrag utan mentorar til stades. Alt ansvar for å gjennomføre dette kvilte på deira skuldre.

Etter ein del prøving og feiling var det eventyraren Trond som fyrst klarde å spikke ei fløyte som laga ein lyd som var vakrare og villare enn dei hadde høyrt på mange år. Dette var lyden av ekte natur. Ein kunne høyre selja rope til rota der den tidlegare hadde holdt til, no var ho heime, den hadde komme til den andre sida, selja kunne endeleg lage dei lydane som den alltid hadde drøymt om. Eventyrarane vart rørde og gledestårene pressa på då dei såg korleis Trond og seljefløyta blomstra saman. Etter ei kort stund kunne ein høyra musikken frå fem forskjellige seljefløyter, og alle eventyrarane levde i lukkerus saman med seljefløytene i alle sine dagar.

Det har seinare blitt fortalt at når våren set i gang og seljene er på sitt vakraste kan ein framleis høyre lyden av dei fem seljefløytene som vart laga av eventyrarane frå Sogndal.

11 kommentarer:

  1. For eit fantastisk eventyr om fantastiske personar :D

    SvarSlett
  2. herlig! :) ana eg ei lita forfatterspire?

    SvarSlett
  3. haha awsome! :) i love it !

    SvarSlett
  4. Hehe! For eit nydelig eventyr! :)

    SvarSlett
  5. Flott historie! Men klarte verkeleg Trond å laga ei fløyte med "lyd som var vakrare og villare enn dei hadde høyrt på mange år"? Alle seljefløyter eg har laga har ikkje laga anna enn det eg vil kalla ulydar...

    SvarSlett
  6. Ja, i dette eventyret klarte han det, her er det snakk om å late seg rive med av historia.

    SvarSlett
  7. Ingve, du er ein fantasilaus gubbe uten sans for kreativitet!

    SvarSlett
  8. Slett ikkje! Eg lurte berre på om Trond verkeleg fekk det til - er det ein som kunne fått det til så er han med all si erfaring!

    SvarSlett
  9. hahaha...denne historia ska eg utan tvil fortelja viare te mine bodn og bodnebodn! Fantastisk bra fantastisk bra! ;)

    SvarSlett
  10. Kosli forteljing Karoline:))

    SvarSlett