måndag 4. mai 2009

Mandag, utan tvil

I dag har eg hatt ein typisk mandag. Eg måtte dra meg opp av senga, syntes det var tiltak å ta sekken min på ryggen for å gå på skulen og har jobba minimalt sjølv om eg var på skulen frå 11 til 17. Eg er ikkje spesielt glad i mandagar og denne mandagen var intet untak. Men sjølv om eg har vore lite effektiv idag så har eg hatt det kjekt, eg har lese bloggar, kommentert bloggar, tvinga folk til å kommentere på bloggen min (Karina, Maria og Ruth!), tatt mange testar (med idiotiske resultat) på start.no, drukke milkshake (som forøvrig ikkje var så god), hengt på Meieriet, spelt gruble, lurt den norste sjømanskirke til å tru at eg er Ruth, feira bursdagen til Stine Iren med mange gode kaker og både høyrt og delt sladder. Når at kjem til stykket så har ikkje dagen vore så verst likevel.

Hurra for Stini!

3 kommentarer:

  1. Eg våger meg å påsta at mandagen ikkje var så gale alikevel :)

    SvarSlett
  2. det var faktisk en god mandag...må bare skryte å si at e var litt effektiv i dag * klapp på skuldra* men en gooood mandag som ble toppa med god kake :D

    SvarSlett
  3. lite effektiv va eg og, å idag likeså! men plutseligt komme arbeidslysten tebake:)

    SvarSlett