måndag 11. mai 2009

Ny veke

Eg må sei at det var hardt å møte mandagen etter ei helg med full fart, men det har vore ein fin dag. Eg starta dagen med bachelorering på kulturhuset, men etter nokre timar forflytta eg meg til Meieriet for å ha opplæring på kontoret. Så i dag lærte Ingve meg mellom anna korleis ein opnar huset, korleis ein sel billettar og korleis ein bruker LinTicket. Spørsmålet er vel om eg kjem til å hugse alt til den gongen eg skal ta det i bruk sjølv.
Etter kontordagen hadde vi møte med 17.mai kommitèen der vi planla leiker og mykje moro som skal skje, eg gleeer meg til 17.mai! Så no sitt eg på labben og er klar for å leike litt.

Konklusjon: Bra dag!

3 kommentarer:

  1. Hurra for kontordag! syns vi skal ha samme dag oftare! :) det blir gøy :D

    SvarSlett
  2. det var en gjild mandag med god mat ☺

    SvarSlett
  3. Hepp! No blir det ny kontordag på mandag. Hugs at frå no av gjeld dette: Det blir ingen god dag utan ein tur på Linticket! Minn meg på at de må få opplæring i nachspielpermen.

    SvarSlett