søndag 28. juni 2009

Kem har kjøpt seg ny pc...?

Karoliiiiiiiiine har! :D










Hipp hurra og gratulerer til meg sjølv, eg er no den stolte eigar av ein splitter ny acer aspire 5536 ;)

torsdag 25. juni 2009

Gler meg til festival!

Eg ser verkeleg fram til årets festivalar sjølv om min festivalsommer byrja allerede 5.juni med Festival Cymbal. I år skal eg på Malakoff festivalen på Eid som har tidenes festivalprogram, eg meina, ein kan jo nesten ikkje be om meir. The Soundtrack of our Lives, Kaizers, Katzenjammer, Tommy Tokyo, Pony the Pirate, Superfamily, Ulf Lundell ++++ Himmelsk!

Helga etter Malakoff skal eg besøke Ruth og då skal vi på Utkantfestivalen, eg gler meg!

onsdag 24. juni 2009

Kjøpte meg ei ny bok her om dagen

Francis Meyers lidenskap heiter den og er skreve av Henrik Langeland. Eg har så vidt byrja å lese den og så langt ser den meget lovande ut, eg gler meg til å fortsette på den.

Her er det som fekk meg til å kjøpe boka:
Den 53-årige litteraturprofessoren Francis Meyer tror han lever godt med sitt tilbaketrukne aleneliv, helt til han en dag, på første forelesningsrad, oppdager Nadia Reza Lindtner. Hun er 26 år gammel, norsk-iransk masterstudent, og hun vil ha ham som veileder. Samtidig blir Francis trukket inn i det besynderlige funnet av et 300 år gammelt Petter Dass-manuskript - som raskt skal vise seg å romme mer enn noen aner.

I want more! Ergo, boka måtte kjøpast ;)

tysdag 23. juni 2009

Det er for gale...











Eg var på feil plass til feil tid då Ruth og Maria møtte ein Svenssen kjendis i Bergen.
Uflaks :p

tysdag 16. juni 2009

Mitt alfabet: E

Neste bokstav ut i alfabetet mitt er E.

Fun Facts:
E
er den femte bokstaven i det latinske alfabetet. Den høyrer til den gruppa bokstaver vi kallar vokalar.

E for Engelsk









Neste skuleår skal eg studere engelsk i Sogndal. Då skal eg lære meg om engelsk kultur, litteratur og språk i tilleg til å reise på ein 2 vekers studietur til York, eg gler meg!

E for Egg








Egg er godt, eg trur det skal mykje til før eg vert lei av egg.

E for Epleslang








Epleslang i Sogndal er kjekt, men man må vere snill og berre ta epla som har ramla ned på bakken:)

E for Eventyr








Kva er vel meir koselig enn å lese eventyr? Eller å skrive eventyr for den saks skuld, eg tykkjer eventyr er fantastiske og elsker å drømme meg vekk i dei. Eg skal prøve å skrive litt fleire eventyr på bloggen min frammover, håper eg får det til ;)

søndag 14. juni 2009

Karoline: The Bachelorette

Wuhuu! Då var det gjort, eg har skreve mi siste reiselivsoppgåve for Høgskulen i Sogn og Fjordane og endeleg fått ei bachelorgrad! På tirsdag leverte eg inn bacheloroppgåva saman med Maria og Karina, det var jammen godt å bli kvitt den.

Den siste månaden har vi hatt utruleg mange avlskjedsfestar og avskjedsmiddagar, noko som har vore både kjekt og trist på samme tid. Det er ein del som ikkje kjem tilbake til hausten, noko som er utruleg trist! Det er nokre eg har blitt såå glad i og som eg skulle ønske kunne bli i Sogndal eit år til, men eg forventer besøk til hausten! :D

Eg har hatt eit fantastisk år i Sogndal, eg kan faktisk gå så lang og sei at dette året verkeleg har vore mitt livs beste år! Eg har blitt kjent med mange fantastiske folk og berre rett og slett hatt det utruleg kjekt! Eg har hatt det så kjekt at eg har enda opp med å bli i Sogndal endå eit år, eg gleder meg til det allerede!

laurdag 6. juni 2009

fredag 5. juni 2009

Heimelaga kortstokk


Vi hadde tv-kveld på tirsdag og i mangel på noko spennande på tv fekk vi lyst til å spele kort. Då vi fant ut at vi ikkje hadde kortstokk viste karina råd og sette sett og slett i gang med å lage ein. Eg kan ikkje sei at det var dei beste korta eg har spelt med, men dei fungerte ei lita stund før vi vart lei av dei;)