søndag 14. juni 2009

Karoline: The Bachelorette

Wuhuu! Då var det gjort, eg har skreve mi siste reiselivsoppgåve for Høgskulen i Sogn og Fjordane og endeleg fått ei bachelorgrad! På tirsdag leverte eg inn bacheloroppgåva saman med Maria og Karina, det var jammen godt å bli kvitt den.

Den siste månaden har vi hatt utruleg mange avlskjedsfestar og avskjedsmiddagar, noko som har vore både kjekt og trist på samme tid. Det er ein del som ikkje kjem tilbake til hausten, noko som er utruleg trist! Det er nokre eg har blitt såå glad i og som eg skulle ønske kunne bli i Sogndal eit år til, men eg forventer besøk til hausten! :D

Eg har hatt eit fantastisk år i Sogndal, eg kan faktisk gå så lang og sei at dette året verkeleg har vore mitt livs beste år! Eg har blitt kjent med mange fantastiske folk og berre rett og slett hatt det utruleg kjekt! Eg har hatt det så kjekt at eg har enda opp med å bli i Sogndal endå eit år, eg gleder meg til det allerede!

3 kommentarer:

  1. Jippiii, vi gleda oss alle til eit nytt år i Sogndal :D og saknar dei som reiser dåå :(

    SvarSlett
  2. e savner deg...:( har vært et bra siste år ja :D mye knas :D

    SvarSlett
  3. Kjem t å savna dikka...:(men eg kjem t sogndal av og t:)

    SvarSlett