tysdag 28. juli 2009

Skulle gjerne ha vore på kamp i sogndal no


Eg får heller nøye meg med at det blir kampar på meg når skulen er begynt. Dette biletet tok eg under ein av kampane eg var på i vår;)

Kjekt på Malakoff!


The soundtrack of our lives på scena under malakoff rockfestival. Det var ei fantastisk helg! (dette var det einaste biletet eg tok på heile festivalen)

torsdag 23. juli 2009

Då vart det engelsk

Etter å ha vurdert litt fram og tilbake, opp og ned så bestemte eg meg for å takke ja til å gå på engelsk i Sogndal. Det er vel det smartaste eg kan velge i forhold til bacheloren min sjølv om det hadde frista ein smule meir med samfunnsfag. Slik blir det, så no gler eg meg til å flytte tilbake til Sogndal for å studere, elsker studentlivet. Vuererer òg å skaffe meg ein liten ekstrajobb slik at eg har litt ekstra penger å rutte med, men eg får sjå kva det blir til. Akkurat det å skaffe meg ekstrajobb har eg vel planlagt kvart år i 3 år no utan at det har blitt noko av, merkeleg at ein ikkje skal få tildelt nokon jobb sjølv om ein ikkje sender ut søknader :p

Butbut, its not only only, va da vist noken som sa ein gong. No må eg gjere meg klar til å reise på jobb på Hauglandsenteret, eller rettare sagt: Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, der tittelen min er mottaksmedarbeidar. Eg er ganske nøgd med jobben min der og liker det mykje betre enn å jobbe på sjukeheim. Jobben min går ut på å være sentralborddame, sitte i resepsjon og svare på alle mulige spørsmål folk måtte ha, ta imot betaling for opphaldet til klientane, ta imot og ønske nye klientar velkommen, sitte i kiosken, arrangere turar til klientane, lage bekreftelsar på opphald, selge badebillettar, hjelpe til på kjøkkenet i helgene, litt diverse kontorarbeid+++ Ein kan vel sei det at jobben min er litt meir variert enn den jobben eg hadde før, hurra for det:)

laurdag 18. juli 2009

Under ei veke igjen til Malakoff!

Eg har gleda meg til Malakoff sidan festivalprogrammet var klart og no er det faktisk berre ei veke igjen til det heile er i gang. Eg gler meg grenselaust, eg har til og med klart å ordne med overnatting sjølv om den delen såg litt mørk ut ei stund.

No høyrer eg på Malakoff spelelista mi og teller ned til 24. juli :D