laurdag 8. august 2009

Snart Sogndal!

No er vi allerede komme til andre helga i august, dette betyr at eg har mi siste jobbehelg og at sommaren snart er over. Eg har tilbragt store deler av denne sommarferien på Hauglandsenteret i Flekke. Det har blitt ein del jobbing i sommar, men eg har valgt det sjølv, så det har ikkje vore så gale, jo meir eg jobber om sommeren jo mindre treng eg å jobbe til hausten for å overleve. I morgon skal eg altså ha mi siste vakt på Hauglandsenteret, det er faktisk litt trist å tenkje på, eg trur nok at eg kjem til å sakne å jobbe der. Kven veit, det kan jo hende eg skal jobbe der ved seinare anledningar.










Nok om at eg skal slutte på Hauglandsenteret og over til at eg snart skal flytte tilbake til Sogndal, endeleg! Dette er den sommaren eg har sakna Sogndal mest, er vel også difor det har blitt nokre turar dit iløpet av ferien. Eg har store planar om å være meget effektiv med pakking på mandag, slik at eg kan flytte til Sogndal på tirsdag. På tirsdag er det jo fotballkamp på fosshaugadn, Sogndal mot Haugesund. HEIA SOGNDAL!!! (sjølv om haugesund ikkje hadde vore det verste laget å tape mot, det er mitt lag nr.2 på favorittlista;)








Når eg flytter tilbake til Sogndal i år skal eg flytte litt lenger enn over gjerdet, som eg gjorde sist gong. Eg skal flytte inn i eit rødt og fint hus som ligg meget sentralt i Sogndal. Flotte folk skal eg bu med og, så dette kjem til å verte eit bra år!








Huset eg skal bu i, lånte biletet av Ingri Martine, ei av mine nye sambuarar.

fredag 7. august 2009

Tomatsuppe til kvelds


Då eg kom heim frå jobb i kveld fekk eg tomatsuppe og egg til kvelds. Det var kjempe godt, egget hadde til og med to plommer;) vel verdt eit blogginnlegg, tykkjer eg.

torsdag 6. august 2009

Mitt alfabet: F

Neste bokstav ut i mitt alfabet er: F

Fun fact: F
er den sjette bokstaven i det latinske alfabetet. Den tilhører den gruppen bokstaver vi kaller konsonanter.

F for Fisk









Fisk er godt, eg burde begynne å ete fisk til middag mykje oftare, det må eg begynne med til hausten siden eg skal bli sunn då:p

F for Fjøra Mat
Fjøra Mat i Sogndal er ein butikk eg har blitt avhengig av etter nokre år i Sogndal. Fjøra Mat er ein dagligvarebutikk med søndagsope. Eg er fast kunde der kvar søndag siden eg aldri klarer å kjøpe inn alt eg treng før helga, denne butikken har redda meg mange gonger.

F for Firenze









Firenze er ein nydeleg by i Italia. Eg var der med klassen min då vi gjekk vårt andre år på turisme og reiseliv. Både reisemålet og sjølve turen var fantastisk.

F for Firda





Lokalavisa mi som hjelper meg med å holde meg oppdatert på nyhende i fylket.