laurdag 8. august 2009

Snart Sogndal!

No er vi allerede komme til andre helga i august, dette betyr at eg har mi siste jobbehelg og at sommaren snart er over. Eg har tilbragt store deler av denne sommarferien på Hauglandsenteret i Flekke. Det har blitt ein del jobbing i sommar, men eg har valgt det sjølv, så det har ikkje vore så gale, jo meir eg jobber om sommeren jo mindre treng eg å jobbe til hausten for å overleve. I morgon skal eg altså ha mi siste vakt på Hauglandsenteret, det er faktisk litt trist å tenkje på, eg trur nok at eg kjem til å sakne å jobbe der. Kven veit, det kan jo hende eg skal jobbe der ved seinare anledningar.










Nok om at eg skal slutte på Hauglandsenteret og over til at eg snart skal flytte tilbake til Sogndal, endeleg! Dette er den sommaren eg har sakna Sogndal mest, er vel også difor det har blitt nokre turar dit iløpet av ferien. Eg har store planar om å være meget effektiv med pakking på mandag, slik at eg kan flytte til Sogndal på tirsdag. På tirsdag er det jo fotballkamp på fosshaugadn, Sogndal mot Haugesund. HEIA SOGNDAL!!! (sjølv om haugesund ikkje hadde vore det verste laget å tape mot, det er mitt lag nr.2 på favorittlista;)








Når eg flytter tilbake til Sogndal i år skal eg flytte litt lenger enn over gjerdet, som eg gjorde sist gong. Eg skal flytte inn i eit rødt og fint hus som ligg meget sentralt i Sogndal. Flotte folk skal eg bu med og, så dette kjem til å verte eit bra år!








Huset eg skal bu i, lånte biletet av Ingri Martine, ei av mine nye sambuarar.

4 kommentarer:

  1. Jeeeij, detta blir eit fantastisk år :D :D

    SvarSlett
  2. savna deg oooooooooog!! :(
    komme på besøk i sogndal?:D

    SvarSlett
  3. Viss du trenge jobb, so trur eg Sognagrillen trenge folk ;)

    SvarSlett