laurdag 28. november 2009

Forkjøla igjen

Kva er greia med at ein alltid vert forkjøla før ein skal ha prøver eller eksamen? No sitter eg og skal skrive arbeisdkrav i civilisation (som forøvrig kom lovlig nært sjølve eksamen) og hoster og nyser og harker så mykje at eg ikkje klarar å fokusere på det eg skal skrive om. Typisk.

Eg har funne ut at å gå på engelsk var eit litt for optimistisk val frå mi side, så neste halvår har eg bestemt meg for å ta økonomifag istaden. Mykje kjekkare det! Det er eit fag eg har bestemt meg for å ta i økonomi, forretningsjus, resten skal eg finne ut av i jula, men vurderer iallefall macro også. Eg har også funne ut at ein må ha matte for å komme inn på master i markedsføring, OH NO!!! Så det får eg ta ein gang eg virkelig savner skulebenken, for det er ikkje snakk om at eg har motivasjon til å ta matte til neste år. Eg vil heller få meg ein jobb når eg er ferdig i Sogndal til våren, så er det berre å håpe på at eg finn meg ein reiselivsjobb då.

onsdag 18. november 2009

The old apothecary

Då eg var på klassetur til York, tok vi oss ein dagstur til Howarth for å sjå på huset til Bronte familien. Dette var for å vera heilt ærleg litt kjeisamt, og skuffelsen var stor då vi fant ut at vi måtte slå i hel heile 3 timar i ein tilsynelatande kjedelig by. Vi gjekk difor inn på nærmaste pub og satte oss for å vente på at tida skulle gå. Heldigvis var puben så kald at vi ikkje klarte å sitte der i meir enn ein halvtime før vi måtte begynne å bevege på oss.Turen gjekk til sentrum av Howarth, som skulle vise seg å vera meir interessant enn først antatt. Vi møtte på bussjåføren vår då vi kom til sentrum, han tipsa oss om å gå inn på the old apothecary shop. Han påstod at det måtte være ein perfekt butikk for Ruth og meg. Vi fulgte rådet hans og gjekk inn i ein fantastisk butikk!
Vi fekk nesten hakeslepp når vi kom inn døra, det lukta ei blanding av såper, te og godteri (ein overraskande nydelig kombinasjon). Rommet var fullt av såper, snop, te, fine gamle reklameplakatar + mykje anna fantastisk. Vi blei værande i butikken i nesten ein time før vi klarte å rive oss laus.

Etter at eg har komme heim har eg søkt litt etter butikken og funne den på nett! Hurra! Der fant eg ut at det finnes ein liknande butikk i Leeds.

Her er linken til nettsida: www.rose-apothecary.co.uk/

Enjoy!