onsdag 18. november 2009

The old apothecary

Då eg var på klassetur til York, tok vi oss ein dagstur til Howarth for å sjå på huset til Bronte familien. Dette var for å vera heilt ærleg litt kjeisamt, og skuffelsen var stor då vi fant ut at vi måtte slå i hel heile 3 timar i ein tilsynelatande kjedelig by. Vi gjekk difor inn på nærmaste pub og satte oss for å vente på at tida skulle gå. Heldigvis var puben så kald at vi ikkje klarte å sitte der i meir enn ein halvtime før vi måtte begynne å bevege på oss.Turen gjekk til sentrum av Howarth, som skulle vise seg å vera meir interessant enn først antatt. Vi møtte på bussjåføren vår då vi kom til sentrum, han tipsa oss om å gå inn på the old apothecary shop. Han påstod at det måtte være ein perfekt butikk for Ruth og meg. Vi fulgte rådet hans og gjekk inn i ein fantastisk butikk!
Vi fekk nesten hakeslepp når vi kom inn døra, det lukta ei blanding av såper, te og godteri (ein overraskande nydelig kombinasjon). Rommet var fullt av såper, snop, te, fine gamle reklameplakatar + mykje anna fantastisk. Vi blei værande i butikken i nesten ein time før vi klarte å rive oss laus.

Etter at eg har komme heim har eg søkt litt etter butikken og funne den på nett! Hurra! Der fant eg ut at det finnes ein liknande butikk i Leeds.

Her er linken til nettsida: www.rose-apothecary.co.uk/

Enjoy!

2 kommentarer:

  1. ååå:)høyrest ut so ein butikk for meg.:)skal sjekk ut.handla de nåke der?klemz

    SvarSlett