torsdag 24. desember 2009

God jul!

Eg vil ønske alle ei god jul! Kos dåke mykje med famillie og venner:)

Lillejulafta

I dag møtte eg Anne, Linn og Agnethe i Dale.

Det var kjekt å sjå dei att etter gammalt, Agnethe har eg faktisk ikkje sett på nokre år no!


Kvelden:

I kveld har vi ete koldtbord med mykje godt julepålegg og kakao.

Seinare bestemte vi oss for å ta ein runde med 10 000.


Resultatet.

Etterpå såg vi Alene hjemme 2.

tysdag 22. desember 2009

Love Actually

Love Actually er eit must kvar jul, eg har ikkje fått sett filmen i år. Eg finner den ikkje igjen! Eg må nok laste den ned, eller vente til den kommer på tv. I mellomtida kan vi nyte sangen med Mariah Carey (dumme youtube tillot meg ikkje å legge ut Love Actually sin versjon):

måndag 21. desember 2009

Oh joy!

I dag har eg hatt min siste dag på jobb for i år, noko som betyr at jula berre kan komme! Eg er ferdig med julegåvene, så no er det berre å nyte juleferien fullt ut.

I helga hadde vi forresten besøk av søskenbarnet mitt Gry, hennes samboer Kalle og den nydelige dattera deira, Nora. Dei bur til vanleg i sverige så det er ikkje ofte vi ser dei. Det var veldig kjekt når dei var her, og Nora er berre den søtaste lille babyen. Ho smilte og lo heile tida og var berre herleg!

På onsdag skal eg møte Anne igjen etter gammalt, det er begynt å bli lenge siden sist no, trur faktisk ikkje eg har sett ho siden sommarferien. Det skal bli kjekt å sjå ho igjen!
<----Anne og meg på Hard Rock i London!

3.juledag i år skal eg reise til Svelgen og tilbringe romjula saman med Thor Kristian og familien, eg gleder meg! <3
<---- Thor Kristian og meg på jobb

søndag 20. desember 2009

Litt meir shopping

Eg tok meg ein tur inn på eBay igjen eg. Eg såg litt på koster, så eg endte opp meg å kjøpe meg ein Bare Escenruals Concealer kost. Betalte 84 kroner for kosten inkludert frakt. Men no skal eg gje meg, ikkje meir shopping på lenge! No har eg tre pakkar i vente når eg kjem tilbake til Sogndal! Så kjekt!

Ghost of Girlfriends Past

I går såg eg ein film som heiter Ghost of Girlfriends Past, eg hadde sett i VG at den hadde fått terningkast 1, med andre ord: eg hadde låge forventningar.

Filmen har tatt utgangspunkt i Charles Dickens A Christmas Carol, det er ein egoist som vert hjemsøkt av spøkelse fra fortid notid og framtid. Forskjellen her er at i denne filmen er egoisten ein player istadefor ein gammal gniar.

Eg kan ikkje sei at filmen gav meg så mykje, men det var ei heilt grei underhaldning på ein laurdagskveld. Det var med andre ord ein typisk romantisk komedie.

fredag 18. desember 2009

Klassetur til York

Eg var på klassetur til York i oktober/november, det er vel på tide at eg legger ut litt bilete frå turen.


Sånn såg romma våre ut, dei var ganske enkle, men vi hadde ikkje behov for meir heller, det var ganske greit at vi hadde eigen vask på rommet. Etterpå gjekk vi på kjøkkenet for å vie inn huset.



Her er vi på veg til skulen, glade og fornøgde, som alltid ;)



Browns, dei hadde gooode sandwiches altså. Anbefalast!



Jentene i klassen tok oss ein tur på resturant, den viste seg å være vegetar, men det gjekk fint. Var veldig fin atmosfære der og det blei ein veldig koselig kveld



Vi tok oss ein tur på kino, 3D kino, vi såg UP! den va sååå fin :D


Først tok vi oss ein tur ut for å ete, deretter gjekk vi på ein av dei mange pubane i York, for så å ende opp på nattklubben The Gallery. Vi var der på halloween, så plassen var stappa med folk. Til venstre på bilde 3 ser vi Ida og Camilla, the Headmark girls.



Kvalitetsdsag med Ruth. Ein kan ikkje vere i England uten å ete english breakfast.



Og ein kan ikkje være i næreiken av ein så søt bil uten å ta bilde med den ;)



Vi tok oss ein tur til Manchester for å sjå på fotballkamp.



Eg og Ingrid spelte billiard på ein av pubane vi var på, dette trur eg var på quiet charles.

Konklusjon: York var/er fantastisk!

torsdag 17. desember 2009

Litt førjulsshopping

Eg satt og kjeda meg litt ein kveld, så eg bestemte meg for å ta ein tur på eBay, det er aldri ein god idè dersom ein ikkje har tenkt å bruke penger. Eg endte opp med å kjøpe meg ein parfyme som eg snart er tom for, Lacoste sin "love of pink". Eg fekk 90ml for 260 kroner inkludert frakt, det var ikkje så aller verst.

Etterpå fekk eg lyst å kjøpe meg litt sminke, og bestemte meg for å prøve eit nytt merke med mineralsminke. Eg valgte å gå for eit merke frå sverige som heiter TiKei Mineral Makeup. Eg bestilte dette:

Litet Mineralsmink Kit :
• Foundation Cool 2
• Finishing Veil Matte
• Concealer Yellow
• Rouge Delight

Dette kjøpte eg for 308 kroner inkludert frakt, billig! Men det kjem nok toll i tillegg på begge pakkane :/

Gleder meg til å få pakkane i posten! :D

tysdag 8. desember 2009

VEKA tjueti!

Wohooo! No har VEKA programmet komme ut, det er framleis nokre artistar/band som ikkje er sluppe endå, men mesteparten er no klart! Gleder meg til februar!

Artistane som kjem er:

- DATAROCK
- SUPERFAMILY
- VASSENDGUTANE
- KARIN PARK
- THE GENEROUS DAYS
- TYYL
- PAPERBOYS
- DONKEYBOY
- KINGS OF LIEN
- JOHN OLAV NILSEN OG GJENGEN
- KRÅKESØLV

Alt dette skal skje i 16. til 27. februar. I tilleg skal det sjølvsagt være studentrevy. I like it! :D

fredag 4. desember 2009

Ønsker meg ny mobil!

Og no veit eg kva slags mobil eg ynskjer meg, det er ein Sony Ericson Satio!! :D
Tenk å fått den til jul! Eg har litt lyst på iPhone og, men av erfaring veit eg at Sony Ericson har bra mobilar, og denne her, den fristar!