torsdag 17. desember 2009

Litt førjulsshopping

Eg satt og kjeda meg litt ein kveld, så eg bestemte meg for å ta ein tur på eBay, det er aldri ein god idè dersom ein ikkje har tenkt å bruke penger. Eg endte opp med å kjøpe meg ein parfyme som eg snart er tom for, Lacoste sin "love of pink". Eg fekk 90ml for 260 kroner inkludert frakt, det var ikkje så aller verst.

Etterpå fekk eg lyst å kjøpe meg litt sminke, og bestemte meg for å prøve eit nytt merke med mineralsminke. Eg valgte å gå for eit merke frå sverige som heiter TiKei Mineral Makeup. Eg bestilte dette:

Litet Mineralsmink Kit :
• Foundation Cool 2
• Finishing Veil Matte
• Concealer Yellow
• Rouge Delight

Dette kjøpte eg for 308 kroner inkludert frakt, billig! Men det kjem nok toll i tillegg på begge pakkane :/

Gleder meg til å få pakkane i posten! :D

2 kommentarer: