måndag 21. desember 2009

Oh joy!

I dag har eg hatt min siste dag på jobb for i år, noko som betyr at jula berre kan komme! Eg er ferdig med julegåvene, så no er det berre å nyte juleferien fullt ut.

I helga hadde vi forresten besøk av søskenbarnet mitt Gry, hennes samboer Kalle og den nydelige dattera deira, Nora. Dei bur til vanleg i sverige så det er ikkje ofte vi ser dei. Det var veldig kjekt når dei var her, og Nora er berre den søtaste lille babyen. Ho smilte og lo heile tida og var berre herleg!

På onsdag skal eg møte Anne igjen etter gammalt, det er begynt å bli lenge siden sist no, trur faktisk ikkje eg har sett ho siden sommarferien. Det skal bli kjekt å sjå ho igjen!
<----Anne og meg på Hard Rock i London!

3.juledag i år skal eg reise til Svelgen og tilbringe romjula saman med Thor Kristian og familien, eg gleder meg! <3
<---- Thor Kristian og meg på jobb

1 kommentar: