søndag 31. januar 2010

Back to the 80's

I går jobba eg på 80-tallsfesten på Meieriet, noko som var kjekt som alltid. Var baransvarleg på laben, noko som gjekk ganske greit:)

Etter jobb vart det jobbenach der bandet dukka opp, kul kveld/natt/morgen :)

No er det søndag, noko som betyr 4 stjernes middag og celebert selskap kavalkade + lan i Elvabakken 1.

onsdag 27. januar 2010

Jobb

Eg har lyst på jobb! Eg har ikkje lyst å gå på skule meir. Eg lure meg på om det er jobbar å oppdrive i Sogndal for ei med reiselivs og media utdanning? :)

tysdag 26. januar 2010

3000 til 3500 ord

Eg skal skrive 3000 til 3500 ord om korleis globalisering fører til auka homogenisering.
Det skal leverast om ei veke. Korleis skal dette gå?

måndag 18. januar 2010

A1 kjem til Veka!!



















OMG! A1 kjem til Sogndal, dei skal spele på Meieriet i SOGNDAL! A1, boybandet A1 som eg for 10 år sidan var meget stor fan av. Min største draum for 10 år sidan var å gå på konsert med A1, og no skjer det faktisk!

Gleda eg meg?

JAAAAAAAAAAA!!!!